Home NorgeBergen Ulriken, Bergen: Guide (med turkart og video)

Ulriken, Bergen: Guide (med turkart og video)

by Lisa Stentvedt
0 comment

Psst! Some links in my posts may be affiliate links, which means that I get paid a fee if you chose to purchase something through it. This doesn't cost you anything, but makes a huge difference for me! Thanks for your support!

Sharing is caring!

Om du skal på norgesferie, og meir spesifikt til Bergen, er du sannsynligvis klar over at byen er kjend som “byen mellom dei 7 fjell”. Dei 7 fjella rundt Bergen er alle populære mål for fotturar, og ein av dei mest populære (etter Fløyen, vil eg gjette) er Ulriken, Bergen. Ulriken er det høgaste fjellet av dei 7 rundt byen, og gir deg flott utsikt over Bergen og området rundt. Om du har lyst å inkludere ein flott fottur på ditt besøk i byen, anbefaler eg sterkt at du tek turen opp Ulriken.

Eg bur i Bergen, og er heldig nok til å ha Ulriken-turen rett utafor døra (føles det som). Ulriken, både fotturen og taubana (Ulriken taubane finn du meir informasjon om under i artikkelen), kan nås ved at eg går ut døra og begynner å gå. Uansett kor du bur i Bergen skal det ikkje mykje til for å kome seg til foten av turen, og eg har inkludert instruksjonar om korleis du kjem deg dit frå sentrum med offentlig transport. Sjå på dette som den einaste guiden du treng for å gå Ulriken i Bergen!

Les denne og: 14 plassar i Norge du må besøke!

Ulriken tur, utsikt over bergen

Ulriken, Bergen: kva må du vite først?

Les dette innlegget på engelsk her!

Før me går over korleis turen opp til Ulriken er (og kor tung den er), er det nokre fakta som er greit å vite om turen. Som nevnt er Ulriken det høgaste byfjellet i Bergen, og toppen er 643 meter over havet. Det vil sei at du har eit lite prosjekt foran deg dersom du går frå sentrum.

Turen startar rett ved Haukeland Sjukehus. Frå starten av sjølve stien/turen, har du om lag 440 høgdemeter å klatre. Det vil sei at dersom du køyrer bil eller tek buss til starten av turen, kan du hoppe over dei første par-hundre høgdemetrene. Det er ein parkeringsplass rett ved start. Dersom du går frå Bergen sentrum (som eg gjorde), går du dei første 200 høgdemetrene langs vegen.

Nær Haukeland finn du også startpunktet for Ulriken Taubane. Dersom du har Bergenskortet kan du få 20% av på billettane, i tillegg til gratis buss til start av turen. So eg anbefaler sterkt at du kjøper Bergenskortet her før du reiser på ferie til Bergen (i tillegg får du gratis og rabatterte aktivitetar i heile byen).

Eg kjem til å dekke Ulriken Taubane meir detaljert under.

Fakta om Ulriken, Bergen og Ulriken-turen:

  • Høgde over havet: 643 meter
  • Lengde på turen: 1,8-3,3 km (alt etter kva rute du tek)
  • Sherpatrapper: 1500 trinn (om lag 0,8 km)
  • Tid: 1-2 timer ein veg

Les meir (på engelsk): 6 flotte fotturar i Norge du ikkje må gå glipp av!

ulriken bergen

Korleis kome seg til starten av Ulriken-turen?

Som nevnt starter turen til Ulriken ved Haukeland. Området heiter Montana, og det er dit du tek bussen frå Bergen sentrum om du startar der. Ta buss nummer 12 frå Byparken til Montana. Følg skilt mot Montana Vandrerhjem, langs Johan Blytts Vei. Du går forbi både vandrerhjemmet og ein kraftstasjon. I enden av Johan Blytts Vei finner du skilt til Ulriken (og andre fotturer i området). Der finner du også ein parkeringsplass.

Om du køyrer bil er det gratis parkering der, men etter førstemann-til-mølla-prinsippet.

Når du kjem til enden av Johan Blytts Vei, der turen starter, er du ferdig med dei første 200 høgdemetrene! Men, det er no den ordentlige turen begynner..

Ulriken, Bergen Fottur

Det er fleire vegar til Rom, og også fleire stiar til Ulriken. Sherpatrappene er den mest populære ruta, og den du sannsynligvis er mest nysgjerrig på (oddsen er at du har søkt etter “Ulriken trapper” for å kome hit. Det er og ei lengre rute som går langs baksida av “toppen” og ned langs sida av fjellet. Eg har gått begge to, og kjem derfor til å dekke begge i denne artikkelen.

Den røde X-en på bildet under er starten på turen (ved enden av Johann Blytts Vei, som eg nemnde over). Her kan du velge om du vil gå til høgre eller venstre. Turen til venstre er ganske bratt, og følger fjellet opp under Ulriken Taubane. For å ta rutene eg anbefaler (Ulriken trapper, blant anna), går du til høgre, opp ein bratt bakke.

Den raude linja på kartet tek deg opp Sherpa-trappene. Der vegen deler seg i blå og raud heiter det Steinen. Frå Steinen kan du enten velge å gå trappene eller den lengre ruta rundt. Me valde å gå opp trappene, og ned den andre ruta. Trappene er 0,8 kilometer, og om lag 1500 trinn (so det er berre å forberede seg på ei god økt). Vegen rundt er 2,4 kilometer.

ulriken trapper, bergen fottur

Ulriken Tur: korleis er turen? (Youtube-video frå Ulriken, Bergen)

Totalt sett er turen til Ulriken kjempefin! Eg må innrømme at eg ville snu eit par gonger mens me sleit oss opp Sherpa-trappene, men når me kom til toppen kunne eg ikkje ha vore meir nøgd. Fleire av bakkane før du kjem til Steinen (der stien deler seg) var ganske bratte, men turen opp dit er heldigvis ikkje so lang. Kort fortalt er Ulriken-turen perfekt for dei aller fleste, siden du kan velge om du vil køyre på og dra deg opp 1500 trappetrinn, eller om du vil ta ein roligare tur rundt!

I videoen under vil du sjå at me tok Sherpa-trappene opp til toppen, og gjekk den andre vegen rundt. Me gjekk turen ein nydelig høstdag i september, og det var bra med folk langs ruta (men ikkje for mange til at det var kjekt).

Les meir: høstferie i Norge: mine tips til destinasjonar.

Stien er ganske steinete, og turen er difor godt trening for både anklar og kne. Du må følge med mens du går (spesielt på nedovervegen), då det er fleire store steinar du må gå over, og nokre som er lause. Dette gjeld spesielt på den 2,4-kilometers ruta rundt. Ulriken-trappene er, naturligvis, lettare å gå reint teknikk-messig (men mykje tyngre kondisjonsmessig).

Eg håper du vil abonnere på Youtube-kanalen min for fleire videoar som denne!

Ulriken Taubane

Ulriken Taubane er ein flott måte å besøke Ulriken, Bergen på for dei som ikkje ønsker å slite seg opp (eller ned) fjellet. Gondolen begynner ved Haukeland, i bunnen av fjellet, ikkje langt frå der fotturen startar. Taubana/gondolen tek deg opp fjellet på under 10 minuttar (7, for å vera eksakt).

Min anbefaling, dersom du vil ha ein roligare tur, er å ta gondolen opp til Ulriken ein veg, og gå den andre. På denne måten får du ein fin balanse av fottur og avslapning, samtidig som du får nyte utsikten frå toppen. Det er ein restaurant på toppen av fjellet der du kan kjøpe deg noko å drikke (eller ete lunsj), so sjølv om du ikkje vil gå opp eller ned, er det verdt turen opp med gondolen.

Gondolen er stengt for oppgraderinger/oppussing fram til sesongen 2021. Hold deg oppdatert på dette her.

Som nevnt tidligare, anbefaler eg sterkt at de kjøper Bergenkortet før besøket. Då vil du få gratis transport i byen (også frå flyplassen), i tillegg til rabatt på Ulriken Taubane. Bestill kortet på forhånd her.

Les meir (på engelsk): How to get from Bergen airport to the city center

ulriken taubane, bergen, sol og blå himmel

Ulriken, Bergen: mine siste råd

Der har du min guide (med video) til å gå Ulriken i Bergen. Eg håper du har lært noko av å lese denne, og at den var hjelpsom i planleggingen din! Dei siste råda eg vil dele før eg avslutter er, naturligvis, å kle deg godt (spesielt om du skal gå både opp og ned), og å ta med ein genser eller topp å skifte til på toppen. Verdens beste følelse etter å ha svetta seg opp ein fjelltopp må vera å ta på seg noko tørt. Dette gjer at du ikkje fryser på toppen (det var mykje vind når me var der), og heller ikkje på vegen ned.

Eit tips eg og vil nevne er å laste ned kompass-appen til mobilen din. Som du ser i videoen over, bruker eg denne for å sjekke kor langt me har klatra i høgdemeter undervegs! Dette er perfekt motivasjon når du begynner å bli lei, og gjer at du kan rekne deg fram til ca. kor langt du har att. Eg vil og nevne at du aldri bør begi deg utpå turen uten Compeed gnagsårplaster (eg treng dei sårt, haha).

Les meir:

Sharing is caring!

You may also like