Home NorgeAurlandsfjorden (Flåm, Aurland, Gudvangen, Undredal) Ferie i Norge? Her er 14 steder du MÅ oppleve!

Ferie i Norge? Her er 14 steder du MÅ oppleve!

by Lisa Stentvedt
0 comment

Psst! Some links in my posts may be affiliate links, which means that I get paid a fee if you chose to purchase something through it. This doesn't cost you anything, but makes a huge difference for me! Thanks for your support!

Sharing is caring!

Eg trur me alle er einige om at Norge er eit fantastisk flott land, og at det er svært mange vakre plassar å utforske dersom man har bestemt seg for å dra på ferie i Norge. Naturligvis har eg mine favorittar rundt om i landet, som eg alltid sørger for å anbefale når folk spør om tips, men samtidig har eg ikkje vore over alt. Difor bestemte eg meg for å spørre ein gjeng med reisebloggarar frå heile verda – som alle har forelska seg i Norge – om kva deira favorittplass i Norge er!

Alle saman sendte meg nydelege bilder og tankar om kva som er den finaste plassen i Norge, og eg sat att med ei liste på 12 gode anbefalingar (i tillegg til 2 av mine eigne) for Norgesferie. So, om du planlegger ferie i Norge (enten med barn, i par eller aleine), er det berre å fortsette å lese!

Dette innlegget vart originalt publisert på engelsk, og kan lesast her. Merk at eg har oversatt alle anbefalingane frå dei andre reisebloggarane. Det er altso ikkje mine opplevingar som er gjenfortalt under kvar anbefaling.

Om du treng meir inspirasjon eller hjelp til å planlegge turen din, kan du bli med i Facebook-gruppa mi her! Den er for alle som planlegger turar til og i Norge, og kan vera til stor hjelp i planleggingsprosessen din.

Vil du ha ein god latter? Her er 18 ting du berre forstår deg på dersom du vaks opp i Norge!


Dei 14 flottaste plassane å dra på ferie i Norge

Eg er spesielt glad for å få publisere dette innlegget då alle som har bidrege med sitt «ferie i Norge»-tips er erfarne reisebloggarar som har sett mykje av verda. Dei elsker å utforske og å oppdage nye destinasjonar. Det er difor so kjekt å høyre at so mange av dei har forelska seg i Norge, og å høyre kva plassar dei likte best!

Eg er naturligvis veldig klar over alt det vakre Norge har å by på, men det kan vera vanskeleg å sjå landet gjennom augene til ein turist (for eksempel måtte eg smile litt når nokon foreslo Fornebu til lista). Nettopp dette er grunnen til at eg verkeleg trur denne artikkelen omfattar dei flottaste plassane du kan velge når du skal på ferie i Norge!

So, utan vidare, gir eg deg dei 14 flottaste plassane i Norge, slik at du kan begynne å planlegge ferien din!

Planlegger du Norgesferie med bil? Her er 7 plassar du må stoppe på bilferie i Norge!

ferie i norge, aurlandsfjorden
Klar for ferie i Norge? Hit bør du reise! (Dette er forresten Aurland, som er #2 på lista)

Ferie i Norge

Vit at lista under er nummerert, men det betyr ikkje at desse destinasjonane er rangert frå best eller finast til minst best. Lista er tilfeldig nummerert, og talla er kun meint for å gjere det lettare for deg (og meg) å halde oversikt. Litt lenger oppe finn du også ei innhaldsliste der du kan hoppe rett til det punktet og den plassen du ynskjer å lesa om. Kvar einaste plass på denne lista er heilt unik i seg sjølv, og verdt eit besøk aleine. Her kan du altso planlegge ferie i Norge 14 år på rad om du vil!

Kvart bidrag var originalt skrevet på engelsk, og under har eg gjengitt ei kort oversetting av kvar destinasjon. Eg har også linka til kvar reisebloggar under deira forslag, slik at du kan besøke deira bloggar om du vil. Merk at dei alle skriv på engelsk.


#1 Flåm

Den første anbefalingen kjem frå meg, då eg skjønte at eg ikkje kan skrive eit innlegg som dekker ferie i Norge uten å nevne Flåm. Her kan du lese 10 gode grunnar til å besøke Flåm i år. Under på lista har eg nevnt Aurland (og nokon andre har anbefalt Nærøyfjorden). Alle ligg i same område, og er verdt å få med seg i løpet av turen din. Flåm er garantert på fleire si «bucket list» når det kjem til å feriere i Norge – og med god grunn!

Her har eg publisert ei full oversikt over alle hotell og overnatting i Flåm, for å hjelpe deg velge riktig plass å sove!

I Flåm finn du fleire av Vestlandet sine største attraksjonar. Fjord cruise til Gudvangen er allereie nevnt lenger oppe, då det er dette som tek deg gjennom den kjende Nærøyfjorden. Flåmsbana er ein av verdas vakraste togreiser, og grunn nok aleine til å besøke Flåm når du skal på ferie i Norge. Saman med den nye Flåm Zipline, vil du få ein dag du seint vil gløyme om du slår saman desse to aktivitetane! I videoen under tek eg Flåmsbana til Vatnahalsen (det nest siste stoppet), Flåm Zipline (Nordens lengste) frå toppstasjonen ved Vatnahalsen og ned til Kårdal, for so å sykle ned att til Flåm etterpå. Det er ei verkeleg magisk oppleving, og verdt eit besøk til Flåm aleine!

Treng du noko å gjere i Flåm? Då anbefaler eg ein tur med Flåmsbana, etterfulgt av eit adrenalinkick med Flåm Zipline! Les alt om opplevinga her.

— Lisa




#2 Tromsø

Nord i landet finn du Tromsø, ein vakker by plassert blant unik natur. På grunn av den geografiske plasseringa til byen (nær den arktiske sirkelen) er Tromsø ein svært populær destinasjon for alle som ønsker å oppleve nordlyset. Om lyset er sterkt nok kan du til og med sjå det frå bygatene! Men, for best oppleving er det anbefalt å reise ut av byen. Det finnes mange firma som tilbyr nordlys-turar, der du blir med deira guidar for å finne det «beste» nordlyset. Finn ein oversikt over desse (og bestill på forhånd) her. Om du planlegger ferie i Norge vinterstid burde Tromsø virkelig vera på lista!

I tillegg til dette vil du oppleve at den samiske kulturen står sterkt i området, og frå Tromsø kan du besøke Lapland og oppleve fleire samiske tradisjonar. Anten dette inneheld å besøke ein reinsdyrgård, eller bli med på hundeløpsaktivitetar. Eit besøk til Polaria-senteret er også å anbefale når du er i Tromsø.

Mange av bygdene i nærleiken av Tromsø er vakkert plassert og verdt eit besøk (for eksempel Kvaløya). Dei små, raude rorbuene her skaper eit vakkert bilde med fjella som ein dramatisk bakgrunn. Det er også fullt mogleg å møte på reinsdyr mens du køyrer rundt i Lapland – heilt normalt!

— Anbefalt av Iuliana frå Authentic Travels



Skulsfjord, nær Tromsø, ferie i norge
Skulsfjord, nær Tromsø

#3 Aurland

Du trudde ikkje eg ville publisere ei liste over dei beste plassane å dra på ferie i Norge uten å inkludere bygda eg vaks opp i? Aurland er (etter mi meining) den flottaste plassen i landet, og eg elsker å fortelle folk om området og å vise bilder heimefrå når eg er ute og reiser.

Du finn Aurland 10 korte minutt frå populære Flåm, der du som nemnd finn den kjende Flåmsbana (ein av Norges største turist-attraksjonar). Mange veit ikkje at Aurland er hovudsetet i området, samt navnet på kommunen (Flåm ligg, med andre ord, i Aurland Kommune). I Aurland finn du mange flotte aktivitetar, med eit litt rolegare tempo enn i Flåm. Flåm er for øvrig #1 på lista, so det er berre å scrolle opp om du gjekk glipp av det.

Stegastein Utsiktspunkt er ein av dei meir kjende attraksjonane i Aurland. Les min guide (og sjå video) her!

Når du planlegger ferie i Norge er det ikkje dumt å vurdere Aurland. Ved å bu her havner du nær Flåm og alt som skjer der, samtidig som du får oppleve ei levande bygd med eit litt roligare tempo. Alle aktivitetane i området er like tilgjengelege for deg, og du kan hoppe på båten til Gudvangen (gjennom Nærøyfjorden, som er på UNESCO si verdsarvsliste) frå bygda.

Her finn du 6 unike og bærekraftige opplevingar i Aurland du ikkje må gå glipp av!



Aurland, Norge
Vakre Aurland

#4 Nærøyfjorden (og Gudvangen)

Det ville vera kriminelt å reise på ferie i Norge uten å vurdere Nærøyfjorden. Det er med god grunn at den, saman med Geirangerfjorden (#14 på lista), er på UNESCO si verdsarvsliste.

Næyørfjorden er ein arm av Sognefjorden, som er Norges lengste og djupaste fjord, medan Nærøyfjorden er den villaste og smalaste fjorden me har. Ein båttur gjennom Nærøyfjorden tek deg forbi dramatiske fjell, brusande fossar, eit aktivt dyreliv og bygder der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Fjorden har bratte fjell på begge sider, og på nokre punkt er den so smal at det føles som om du kan strekke ut handa og ta på dei.

Det er mange måtar å oppleve fjorden på. Fjord cruise med elektrisk båt, kajakturer eller med RIB-båt. Dei aller fleste av tilboda startar i Flåm og Gudvangen (sistnemde er bygda i enden av Nærøyfjorden). Området langs fjorden inspirerte mykje av landskapet i Arendelle – kongerriket i Disney sin Frost. Fjorden vil ta pusten frå deg uansett kva tid på året du besøker den.

— Anjali frå Travel Melodies

gudvangen, nærøyfjorden, norge, ferie
Gudvangen

#5 Atlanterhavsvegen

Ulikt dei fleste andre destinasjonar i Norge, er mykje av «wow»-faktoren for Atlanterhavsvegen at den er menneskeskapt. Denne unike vegstrekka er kun 8 km lang, men går over den norske kysten i fleire spektakulære bruer. Atlanterhavsvegen er ein av våre Nasjonale Turistveger, og tilknyttar Averøy til fastlandet ved hjelp av 8 bruer.

Om våren og sommaren er det svært vakkert nær vegen, med ville blomar som flankerar på kvar side. Om vinteren vert området noko heilt anna, so uansett når på året du planlegger ferie i Norge vil du oppleve noko heilt unikt medan du køyrer langs Atlanterhavsvegen.

Vegen strekker seg lenger enn denne korte strekka, og knytter Kristiansund til Bud og Molde. Heile vegen er svært vakker, og du vil oppleve flott natur kor enn du snur deg. Sett av tid til å stoppe på fleire av dei godt vedlikehaldte rasteplassane langs vegen for spektakulær utsikt. Dei er naturligvis travle i høgsesongen, men fortsatt verdt eit besøk.

— Suzanne frå Meandering Wild

atlanterhavsvegen, norge
Atlanterhavsvegen

#6 Trolltunga

Trolltunga er ein kjend fottur for mange, anten du kjem frå Norge eller utlandet. Her kan du sitje på kanten av ein steinformasjon med føtene dinglande 700 meter over fjorden under. Trolltunga er det ultimate eventyret for mange reisande, og turen sjølv er krevande.

Turen er 23 kilometer til saman, og tek deg forbi innsjøen Ringedalsvatnet. Herifrå vert naturen og utsikten berre betre og betre! Til slutt kjem du fram til det kjende utsiktspunktet du ser på bildet under. Det er meir enn verdt det, og sørg for å ha nokre timar her slik at du kan ete nista di (og stå i kø for å ta bilde).

Vanskeligheitsgrada på turen kjem an på når på året du skal gå den. I mai vil det fortsatt vera snø på bakken, slik at den vert enda litt vanskelegare enn seinare på året. Samtidig er det mykje færre folk på stien so tidlig i sesongen, so det kan vera verdt eit forsøk. Stien er godt merka med raude T-ar heile vegen. Dei beste forholda er frå august til september.

Turen tek 9-11 timar, alt etter forhold og formen din. Difor er det anbefalt å ikkje begynne turen etter klokka 10 på morningen.

— Michele frå the Intrepid Guide



Hiking-Trolltunga-Norway
Trolltunga er ein populær destinasjon for ferie i Norge – blant både nordmenn og turistar.

#7 Kjeragbolten

Kjeragbolten er enda ein unik steinformasjon, og ein flott plass å ha på lista si når ein skal på ferie i Norge. Folk vert alltid imponert når eg viser dei bilete av meg sjølv ståande på toppen av denne steinen, 1000 meter over Lysefjorden. Det var nok ein av dei skumlaste opplevingane i livet mitt, men det var også fantastisk! Det må også seiast at om du har høgdeskrekk eller ikkje føler deg komfortabel er det nok best å la vera å gå ut på steinen.

Turen til Kjeragbolten er vakker, og eg anbefaler den på det varmaste. Du kjem til å gå gjennom eit variert og nydelig landskap på vegen, og du vil sjå fossar, enger, snø og bekkar i løpet av turen. Selvfølgelig kan du fylle vatnflaska di frå desse bekkane også. Turen er omtrent 12 kilometer totalt, og tek om lag 7 timar.

— Eniko frå Travel Hacker Girl



kjeragbolten, reisetips

#8 Kvalvika, Lofoten

Kvalvika er ei nydeleg strand i Lofoten nord i landet. På kvar side av stranda finn ein dramatiske, høge fjell som tårnar over havet. Det er kun mogleg å kome fram til stranda til fots eller med båt, og den 2 timar lange fotturen er meir enn verdt det. Her kan ein også gå til fjelltoppen Ryten, som gir nydeleg utsikt over stranda og havet.

Turen opp til Ryten er tung, men du får betaling i den spektakulære utsikten, samt det nokre kallar «mini-Trolltunga». Her er nemlig ein stein som gir inntrykk av at ein heng hundrevis av meter over stranda – i lause lufta. Det er ein svært populær plass å ta bilder til Instagram. Om du skal gå heile runden frå parkeringsplassen til Kvalvika, og inkludere Ryten, tek det om lag 5 timar. Kvalvika er og ei populær strand å overnatte på, so om du har telt og rett utstyr kan du kome hit for å nyte midnattsola over havet i sommarmånedene.

— Nicky frå Go Live Young

kvalvika strand, lofoten

#9 Fornebu

Den vetle stranda bak Radisson-hotellet i Fornebu har ein magisk og rolig atmosfære. Medan eg gjekk ned den smale stien mot sanden vart eg satt ut av kor klart vatnet var. Dei kvite skyene vart reflektert i overflata, og alt såg ut som eit postkort. Stranda var folketom, men på avstand kunne eg sjå ferjer farte fram og tilbake. Alt eg høyrde var dei rolege lydana frå vatnet, og kvitter frå fuglane i nærleiken. Det var eit av dei beste augeblinka i livet mitt.

Skal du til Oslo? Gå ikkje glipp av desse aktive opplevelsene og aktivitetene i Oslo!

Eg anbefaler no alltid Fornebu for dei som vil på ferie i Norge med fokus på avslapping. Vakker natur, lite folk, og svært nær Oslo. Fornebu har eit lite utvalg av restaurantar og barar, og selvfølgelig finn ein og Telenor Arena her, med plass til 23 000 menneske. Fornebu er kun 20 minutt frå Oslo sentrum med buss, og der finner du naturligvis alt du treng om du skulle bli lei av stillheiten.

— Kelly frå Travelling Mama



fornebu strand, norge ferie

#10 Odda

Om du har planar om å gå Trolltunga (#5 på lista over kor du bør reise på ferie i Norge) er Odda ein naturleg plass å bu. Dette er ein sjarmerande liten plass, som du garantert har køyrd gjennom før. Odda har vakre fjelltoppar og fossar som får turistane til å glane, og er verdt eit besøk for nordmenn og. Eg lurer på om dei lokale forstår kor vakker denne naturen er, og om dei setter pris på å vakne til den utsikten kvar morgon.

Me var so heldige å campe akkurat ved bredden til Sandvinvatnet. Sandvinvatnet er ein nydeleg innsjø like ved Buerdalen og Buerbreen. Breen fører til flotte fossar rundt plassen, men også langs vegane, slik at einkvar tur (og køyretur) tek deg til plassar du aldri har sett makan til. Om du er glad i å ta bilder er det mykje å ta bilde av her. Om du liker eventyr, er dette den perfekte leikeplassen for alle aldre!

I Odda kan du overnatte med telt eller sette opp bubilen på dei mest dramatiske plassar; like ved moder jord sine flottaste verk. Dette er virkelig ein destinasjon du ikkje må gå glipp av i Norge.

— Bianca frå It’s All Bee



odda

#11 Bergen

Bergen er som kjend den nest største byen i Norge, og ein flott plass å starte om du vil utforske dei norske fjordane. Byen vart grunnlagd over 300 år sidan, og spelte ein viktig rolle i utviklinga av Hansaforbundet. Bryggen og området rundt daterer tilbake til denne tida, og er ein av Bergens største attraksjonar for besøkande frå heile verda. Den er no på UNESCO si verdsarvsliste.

Norges eldste festning, Bergenhus, er også på lista. Bergen har eit lite bysentrum med fleire museum og ting å gjere. Det tek ikkje meir enn ein halvtime å gå gjennom byen, uansett kva retning du går. Sørg for å gå forbi Fisketorget, der du kan smake på mange typar fersk fisk frå Norge; også kval! Om du planlegger ferie i Norge bør Bergen vera i planane.

Sett av 3 dagar til byen, eller meir dersom du vil ta nokre turar ut for å utforske områdene rundt. Det er også fleire flotte fotturar tilgjengelege for dei som er friluftslivsentusiastar. Besøk Bergen på seinvåren, sommaren eller tidlig på hausten for å få mest mogleg dagslys.

— Chris frå Chris Travel Blog




ferie i bergen

#12 Hamnøy, Lofoten

Lofoten-øyene er ein heilt spektakulær plass i Norge. Når midnattsola skin over det krystallklare vatnet er det lett å gløyme om du er i Norge eller Karibien. Kvite sandstrender og klipper gøymd vekk bland sjarmerande fiskevær er noko av kva som gjer området so unikt.

Ein av dei vakraste fiskeværa i Lofoten (og Norge), og den eldste i Lofoten, er Hamnøy. Raude, gule og grøne rorbuer står på stylter langs kystlinja til denne øya, og plassen ser ut til å vera teken rett ut av eit postkort. Om du planlegger ferie til Lofoten eller i Norge generelt, må du ikkje gå glipp av Hamnøy!

— Jennifer & Tim frå Luxe Adventure Traveler



rorbuer i hamnøy, lofoten, norge
Lofoten er ein populær destinasjon for ferie i Norge!

#13 Preikestolen

Me starta rundt 2 på natta, og begynte turen opp til Preikestolen. Denne fotturen i sør-Norge tilbyr fantastisk utsikt ut over Lysefjorden, og me bestemte oss for å begynne midt på natta slik at me kunne oppleve soloppgangen frå toppen.

Stien og turen sjølv er godt vedlikehaldt, og består hovedsakelig av steintrinn. Til tider kan turen bli gjørmete og glatt, spesielt om det er dårleg vær, so sørg for at du har godt fottøy i tilfelle. Lengda er berre 6 kilometer, men etter ei stund vert det ganske bratt.

Svette og andpustne plasserte me ein fot foran den andre, og kom endeleg fram til toppen av Preikestolen – Pulpit Rock. Slitne sat me tett saman for å halde varmen mens me såg det oransje lyset stige over fjella og horisonten, og bada fjorden i ein nydeleg glød.

Me hadde ei heilt fantastisk oppleving, og var glade for at me valde å stå opp so tidlig. Preikestolen er ein av mine beste minner frå Norge, og eit eventyr eg anbefalar på det sterkaste for deg som skal på ferie i Norge!

— Abbi frå Spin the Windrose



preikestolen, lysefjorden soloppgang

#14 Geiranger

Geiranger er uten tvil ein av dei vakraste plassane i verda! Dette er ikkje noko eg seier om alle plassar eg har sett. So fort eg såg denne bygda forstod eg at eg aldri hadde opplevd ein liknande plass. Den vakre grøne fjorden, med snøflekker på fjelltoppane, tok pusten frå meg. Dei enorme proporsjonane er vanskeleg å forklare, og eg forstod det først når eg såg eit svært cruise-skip segle gjennom fjorden – og såg ut som ein leikebåt.

I sommarhalvåret er det lett å planlegge ein tur til Geiranger og området rundt. Både Geiranger, Trollstigen og Ålesund ligg i nærleiken av kvarandre, og kan nås på nokre timar. Men min anbefaling er – legg basen til Geiranger!

— Alexander frå Engineer on Tour



geirangerfjorden, norge

Ferie i Norge – Kor skal du?

No som du har lest heile artikkelen (den er på over 3000 ord – gratulerer!) har du nok fått ein god oversikt over dei mange fantastiske plassane som finnes i Norge. Anten du er ute etter å slappe av og sleppe unna folk, vil på byferie, eller ønsker å oppleve noko av den vakraste naturen landet har å tilby, finner du ein destinasjon på lista over.

Me har alle forskjellige kriterier når det kjem til kva me vil få ut av ein ferie, og eg håpar du får akkurat det du ønsker ut av din. Frå fjordar på verdsarvslista til sjarmerande fiskevær, ferie i Norge vil gje deg opplevingar du seint vil gløyme!

Skal du på ferie i Norge snart? Kor går turen? Legg gjerne att ein kommentar med dine tankar og planar, og selvfølgelig også om du har spørsmål! Merk at alle forslaga her er skrevne av reisebloggarar som har besøkt Norge, og oversatt av meg, og dei har alle delt den plassen i Norge som imponerte dei mest.

Sharing is caring!

You may also like

Leave a Comment