Home NorgeHardanger Øystese, Hardanger: Reiseguide

Øystese, Hardanger: Reiseguide

by Lisa Stentvedt
0 comment

Psst! Some links in my posts may be affiliate links, which means that I get paid a fee if you chose to purchase something through it. This doesn't cost you anything, but makes a huge difference for me! Thanks for your support!

Sharing is caring!

Eg var nylig so heldig å få oppleve nokre flotte dagar i Øystese, ei perle langs Hardangerfjorden. Øystese ligg i Kvam Kommune, kun 10 minutt køyring frå Norheimsund. Om du planlegger ferie til Hardanger i år, er det fleire grunnar til at Øystese og omegn bør vera på lista di – og om du er so heldig at turen går dit, er denne reiseguiden for deg!

Som nevnt er Øystese ein svært flott plass, med aktivitetar for både store og små. I denne reiseguiden tek eg for meg eit par av våre favoritt-aktivitetar frå turen, i tillegg til kva som finnes av overnatting i området. Eg har vore so heldig å ha budd på to av hotella i området; både Thon Hotel Sandven og Hardangerfjord Hotel.

Treng du inspirasjon til ferie i Norge? Då må du ikkje gå glipp av desse 14 flotte plassane å besøke!

øystese, kvam, hardanger

Ting å gjere i Øystese, Hardanger

Til tross for at Øystese er ei mindre bygd, er det fleire kjekke ting å gjere der. Anten du reiser med venner eller med familien, vil du finne aktivitetar som passar for alle. Her er nokre av mine favorittar!

rib boat in fyksesund fjord

Fjord og Landskapssafari

// Sponset aktivitet

Som nevnt er Øystese ein flott liten plass, med fleire kjekke aktivitetar for besøkande. Ein at hovudopplevingane i området må vera fjordsafari med Hardangerfjord Adventure. Dei har fleire forskjellige tilbod å velge mellom, og me var so heldige å få prøve Fjord og Landskapssafari då me var i Hardanger!

Me vart henta frå brygga rett utfor hotellet, og teke med på eit fartsfylt (og lærerikt) eventyr på fjorden, som varte i om lag 2,5 timar. RIB-båten har høg kapasitet når det kjem til fart, og guiden vår forsikra seg om at me var komfortable med å køyre fort før me la ut på fjorden. Du kan med andre ord ta med unger her, og stole på at dette vert respektert (sjølv om eg trur dei fleste ungar vil foretrekke at det går litt fort i svingane).

Me stoppa fleire plassar langs fjorden for å få guiding og informasjon om områda rundt oss, før me tok turen inn i Fyksesundet. Her fekk me nyte den dramatiske naturen, kome skummelt nær fleire fossar, samt stige i land innerst i fjordarmen. Der ligg det eit nesten forlatt samfunn som heiter Botnen. Dette er ei veglaus bygd, med kun 1 fastbuande att!

Opplevinga var både kjekk og interessant, og eg anbefaler den sterkt om du skal til Øystese! Under kan du sjå video frå turen.


Hardangerbadet

Hardangerbadet opna i slutten av 2019, og er ein kjekk leikeplass for store og små. Om været ikkje tillet ein tur på badestranda i Øystese, anbefaler eg at du besøker Hardangerbadet. Her finn du både badstu og vannsklie, stupetårn og klatrevegg (over svømmebassenget). Me slappa av her i nokre timar før me dro tilbake til Bergen (Øystese er kun ein times tid med buss frå Vestlandsbyen), og det var ein flott avslutning på opphaldet.

Finn meir informasjon om Hardanberbadet, inkludert prisar, her!


Sidersmaking på Spildegarden

Du kan ikkje reise til Øystese (eller Hardanger, for den saks skyld) uten å smake på den lokale sideren! Spildegarden finn du i gangavstand frå det aller meste i Øystese, og er verdt eit besøk. Denne slektsgården lager Spildemost og Spildesider, og arrangerer gjerne smaking for store og små grupper. Smaking og omvisning er dagleg, men det er anbefalt å ringe eller sende mail på forhånd om at de ønsker å delta. Under mitt besøk i Hardanger var me so heldige å vere dei einaste på sidersmaking den dagen!

Jane og Geir Henning er eigarane og vertskapet på garden, og det er svært sannsynlig at det er ein av dei som held omvisningen. Me lærte mykje om gardshistoria, siderhistorie, og fekk smake fleire gode siderflasker frå garden. Selvfølgelig var me innom gardsbutikken og kjøpte med oss nokre flasker heim og.

Les meir om Spildegarden i Øystese (og finn informasjon om bestilling) her!

woman pouring cider in hardanger, norway

Badestranda

Eg kan ikkje skrive ein artikkel om aktivitetar i Øystese, Hardanger utan å nevne den flotte badestranda. Me var so heldige under vårt opphald at det var strålende sol, og me brukte difor fleire timar på å slappe av (og bade) ved fjorden. Om du er lei av innendørs bading, anbefaler eg ein dupp i fjorden på det varmaste (hehe)!

Les meir om aktivitetar i Øystese og området rundt her!


Overnatting i Øystese

Det er få alternativ for overnatting i området, men dei få alternativa som finnes er svært gode. Under min nylige tur til Hardanger budde eg på Hardangerfjord Hotel (sponsa opphold), og tidligare har eg budd på Thon Hotel Sandven i Norheimsund (der søskenbarnet mitt gifta seg). I tillegg til dette er Airbnb alltid eit godt alternativ, spesielt om du reiser med familien og gjerne vil lage mat sjølv.


Thon Hotel Sandven

Eg har tidligare budd på Thon Hotel Sandven, og lagt ut om hotellet på Instagram før. Hotellet går tilbake til 1857, og denne historien har dei gjort ein god jobb med å halde på. Dei har både klassiske og historiske rom, so om du vil drømme deg tilbake i tid, eller oppleve den meir klassiske Thon-innredningen, finn du eit rom som passer deg. Thon Sandven ligg i Norheimsund, som er om lag 10 minutt frå Øystese. Norheimsund er ein større plass, og her finn du fleire butikkar, og ikkje minst Vinmonopol. Restauranten på hotellet (Restaurant Sandven) serverer både middag og lunsj i ærverdige omgivelsar.


Hardangerfjord Hotel

// Sponset opphold

Eg budde to netter på Hardangerfjord Hotel i løpet av tida i Øystese. Her er du nær alt som skjer på plassen, og vegg i vegg med Hardangerbadet (eit pluss dersom du reiser med barn, eller har lyst å ta turen til badet). Ein bonus er at gjester på hotellet får gratis inngang til Hardangerbadet. Rommene er enkle, og har ikkje minibar eller kjøleskap, men til gjengjeld har nokre av dei fin utsikt over fjorden. Frå hotellet kan du gå til Spildegarden, badestranda, Hardangerbadet (som nemnt), og brygga (der du kan bli henta for fjordsafari).


hotel room hardangerfjord hotel

Airbnb i Hardanger

Eit godt (og ofte rimelig) alternativ for overnatting er Airbnb. Dette er perfekt dersom du reiser med familien, og/eller ønsker å lage mat i løpet av oppholdet. Med Airbnb kan du leige ein heil leiligheit (eller hus), med sengeplasser til alle. Her er ein oversikt over Airbnb i Øystese og Norheimsund.


Øystese, Hardanger: Oppsummering

Kort oppsummert er Øystese ei flott bygd det er verdt å besøke. Enten du reiser med familie, som par eller med venninner, vil du få ein fin ferie her. Om du skal reise til Øystese fra Bergen, tar det berre litt over 1 time med buss (inkludert eit bytte i Norheimsund). Finn ruter og billettinformasjon her.

Les videre:

Sharing is caring!

You may also like

Leave a Comment