Home NorgeAurlandsfjorden (Flåm, Aurland, Gudvangen, Undredal) Leiebil Bergen: Opplev Bergen med leiebil

Leiebil Bergen: Opplev Bergen med leiebil

by Lisa Stentvedt
0 comment

Psst! Some links in my posts may be affiliate links, which means that I get paid a fee if you chose to purchase something through it. This doesn't cost you anything, but makes a huge difference for me! Thanks for your support!

Sharing is caring!

Norges nest største by, tidligere hovedstad og no omtalt som Vestlandets hovedstad, er blant ein av våre eldste byer (Bergen vart faktisk grunnlagt av Olav Kyrre i 1070 under navnet Bjørgvin). Byen omgitt av «De syv fjell» er til tross for sitt regnfulle klima eit populært reisemål for turister frå både innland og utland. Har du leiebil i Bergen kan du enkelt utforske byen og ikkje minst dei vakre områdene rundt.

I denne guiden får du litt meir informasjon om korleis det er å køyre bil i Bergen (inkludert det du treng å vite om parkering i byen), i tillegg til tips til flotte dagsturar (både korte og lange) frå Bergen med bil!

Les meir: 7 flotte plasser å stoppe på bilferie i Norge!

Bryggen Bergen på en soldag, leiebil bergen

Leiebil på Flesland eller i Bergen

Mange kjem til Bergen via Bergen Lufthavn Flesland. Flyplassen er første mulighet til å skaffe seg leigebil. I terminalbygget har du faktisk fem ulike leiebilfirmaer å velge mellom:

  • Avis
  • Budget
  • Europcar
  • Hert
  • Sixt

Frå flyplassen til Bergen sentrum kan man ta flybuss, taxi, ordinær rutebuss eller ByBanen (her har eg skrevet eit innlegg på engelsk om korleis man kjem seg frå Flesland til Bergen sentrum). Om du foretrekker å leie bil i sentrum, eller kjem til Bergen med tog eller båt har både Hertz og Avis kvart sitt utleigekontor i sentrum, mens Sixt holder til på Minde.

Les meir: Guide til Ulriken, Bergen (med kart og video)

Om å køyre bil i Bergen

Bergen er generelt ein oversiktlig by å kjøre i, men det er greit å vera klar over at nokre av gatene i sentrum er forbeholdt bybane og buss og er stengt for biltrafikk, i tillegg til at nokre gater er einvegskøyrde. For å kome deg til mange av dei sentrumsnære severdigheitene, som for eksempel Bryggen og Fisketorget, kan det vera like greit å parkere bilen og ta beina fatt.

Sommaren 2020 har Bergen Kommune ein prøveordning der dei har stengt Torget og Bryggen for biltrafikk, som ein del av Miljøløftet i kommunen. Foreløpig varer dette til 16. august, før tiltaket skal evalueres og vurderes (det kan bli permanent). Med tanke på dette er det viktig å følge skiltene som har blitt satt opp og ikkje følge GPS-en blindt når ein skal køyre bil i Bergen. Dette kan medføre økt trafikk på omkjøringsveiene rundt sentrum, som også er greit å huske på.

Om du har ein kveld i Bergen anbefaler eg sterkt å bli med på Teatervandring med Bymuseet!

Puddefjordsbroa er en viktig innfartsåre inn og ut av bergen

Parkering i Bergen sentrum

Det er ingenting som er so stress som å køyre rundt på leit etter parkeringsplass. Parkering i sentrum av Bergen er heldigvis enklare enn i andre større byer, og her finner man som regel ein parkeringsplass i nærheten. Parkeringshusa i Bergen har over 3000 parkeringsplasser!

For parkering i sentrum kan man benytte seg av gateparkering på oppmerka plasser eller parkeringshus. Gateparkering har ofte tidsbegrensning på kor lenge du kan la bilen stå, so om du planlegger å la bilen bli ståandes ei stund anbefales det å sette bilen i eit av dei fire parkeringshusa. Desse er:

  • Klostergarasjen er eit godt alternativ om du ønsker å gå rundt i sentrum og langs kaiene i Vågen. Maksprisen per døgn ligger på 200 kr.
  • ByGarasjen er det største parkeringshuset i Bergen og ligg rett ved Bergen Storsenter. Her kan du la bilen stå so lenge du vil, og maksprisen ligg på 150 kr per døgn. Tips! Har du gått til innkjøp av Bergenskortet gir det deg 15% rabatt på parkeringen her.

I dei to ovennevnte garasjeanleggene kan du bruke appen Sesam Sesam eller EasyPark for betaling. På begge steder er det bomfritt og anlegget er utstyrt med automatisk skiltgjenkjenning (hugs å aktivere kameraparkering i appen).  Det er sjølvsagt fortsatt mogleg å betale på gamlemåten via parkeringsautomat.

  • Nordnesgarasjen ligg like ved Akvariet i Bergen, her tilbys det korttidsparkering.
  • Solheimsgarasjen finn du ved Danmarksplass i Solheimsviken, her tilbys korttidsparkering.

Pris per time for dei to sistnevnte garasjeanleggene er 25 kr. Elbil betaler 50% av ordinære satser.

Tips! På nettsida Ledig Parkering kan du sjekke antall tilgjengelige parkeringsplasser og ladepunkter for el-biler akkurat no.

Severdigheter

Ingen bør reise frå Bergen uten å ha teke Fløibanen. Den skinnegående kabelbanen fra 1918 tek deg opp til Fløyen, der det er ein utsiktsplatform med flott utsikt over heile byen. Siden Fløibanen starter rett ved Bryggen kan det lønne seg å gå hit. Om du kjøper Bergenskortet før du reiser får du gratis eller rabattert reise med Fløibanen (avhengig av sesong). Kjøp Bergenskortet på forhånd her.

Fantastisk utsikt kan du og nyte frå toppen av Ulriken, det høgaste av dei sju byfjella som omkransar Bergen. Gondolbanen Ulriken er no under ombygging og stengt frem til 1. mai 2021, men fotturen opp er blant dei mest populære turane i Bergen og passar fint for alle aldersgrupper. Her er det best å køyre til starten av taubanen, og ein finn parkeringsplass i nærheiten.

Akvariet i Bergen er Norges største akvarium og ein av byen sine store turistattraksjonar. Her kan det lønne seg å køyre, og det er gode parkeringsmuligheiter i nærheten. Få rabatt på billetten med Bergenskortet.

Leiebilen vil også være nyttig hvis du ønsker å besøke Edvard Griegs Troldhaugen. For å komme deg hit må du køyre i omtrent 20 minutter sørover frå Bergen sentrum mot Nesttun.

fløibanen på veg opp med utsikt til bergen under

Leiebil Bergen: Porten til fjordene

Når du først er i Bergen og har leiebil bør du vurdere å køyre ut av byen på dagstur. Du treng ikkje dra langt frå byen for å oppleve storslått natur. Eidfjord, innerst i Hardangerfjorden tek litt over tre timer med bil. Køyreturen er i seg sjølv ein opplevelse, og ikkje minst når du køyrer over Hardangerbrua. Øystese er og ein flott plass å besøke, kun ein times tid frå Bergen.

Les min reiseguide til Øystese, Hardanger her!

Når man er på Vestlandet må man oppleve fjordene og ikkje minst de kraftfulle fossene i det vakre landskapet. “The ring of waterfalls” er eit uttrykk som kjem frå dei mest populære fossane på Vestlandet, og plasserer man disse på et kart vil de danne en sirkel (les meir og sjå kartet her). Visste du at 10 av verdens 30 høgaste fossar er norske? Dei fleste av dei ligg nær vegen og i køyreavstand frå Bergen, og ved nokre av fossane er det laget moglegheiter for å gå bak fossefallet!

hardangerbroa, hardanger, leiebil fra bergen

Frå Eidfjord er det ikkje langt til Finse, Geilo og Hardangervidda. Berre hugs å sjekke at vegane i området er åpne, spesielt om høsten, vinteren og våren. Dette er ein diskusjon eg har hatt med fleire venner frå Østlandet, som av ein eller anna grunn ikkje har som vane å sjekke Vegvesen.no før dei legg ut på køyretur. Men når du har vokst opp på Vestlandet er dette ei sjølvfølge.

Voss er ein anna spennande destinasjon som ligg i underkant av to timar nordøst for Bergen. Har du først komet hit, er det heller ikkje mange mil att til Gudvangen og Flåm. Eg bruker om lag 2,5 til 3 timar på å køyre heim til Aurland/Flåm frå Bergen, og det er verdt køyreturen!

Les min reiseguide til 6 flotte aktivitetar i Aurland her, samt få ein god oversikt over overnatting i Flåm her!

Leiebil Bergen

Der har du min korte guide til å leige leiebil i Bergen, med litt informasjon om køyring og parkering i sentrum, samt tips til kor du kan reise på dagstur (eller helgetur) frå byen når du har bil. Leiger du ofte bil på ferie?

Finn fleire kjekke aktivitetar i Bergen her:


Sharing is caring!

You may also like

Leave a Comment