Home NorgeBergen Hva skjer i Bergen: Teatervandring med Bymuseet!

Hva skjer i Bergen: Teatervandring med Bymuseet!

by Lisa Stentvedt
0 comment

Psst! Some links in my posts may be affiliate links, which means that I get paid a fee if you chose to purchase something through it. This doesn't cost you anything, but makes a huge difference for me! Thanks for your support!

Sharing is caring!

No som me sakte, men (forhåpentligvis) sikkert, er i gang med å gjenåpne Norge, er det heldigvis fleire aktivitetar i byene som begynner å dukke opp igjen. Dette inkluderer selvfølgelig Bergen. Om du er ein av dei mange som har lurt på hva som skjer i Bergen, har du komt til rett plass! Denne veka var eg nemleg på teatervandring med Bymuseet i Bergen, og det var ei oppleving eg anbefaler på det sterkaste! Dersom du havna her ved å søke på «hva skjer i Bergen» før du skal på ferie til byen, må du lese vidare for å finne ut alt du treng å vite om denne vandringa (og for å få link til bestillingen).

Bymuseet i Bergen har, som du kanskje veit, fleire museum rundt om i byen. Frå Lepramuseet til Gamle Bergen. I høgsesong kan man til vanleg besøke desse og bli møtt av talentfulle skodespelarar som viser korleis historien kjem til live på museene. Grunna restriksjonar og smittevernreglar som følge av pandemien, har ikkje dette vore like lett siden i fjor. Difor har desse skodespelarane snudd seg mot byens gater, og fleire spennende Teatervandringar har blitt tilgjengelege for reisande til Bergen!

Skal du til Bergen i år? Gå ikkje glipp av ein fottur til Ulriken!

teatervandring er hva som skjer i Bergen nå

Teatervandring – Hva skjer i Bergen?

Bymuseet i Bergen har som nevnt fleire sokalla teatervandringar på agendaen, alle på norsk i første omgang. Temaet for vandringa eg var med på var «Fra byllepest til covidtest», som er eit ganske relevant tema i desse tider. I løpet av 1,5 time rusla me gjennom Bergens gater og møtte på skodespelarane rundt omkring, der dei både fortalde og demonstrerte korleis Bergen har møtt epidemiar og sjukdom gjennom tidene.

Til tross for at dette er eit ganske tragisk tema, var vandringa ei veldig kjekk oppleving. Me vart møtt av dei 4 skodespelarane utafor Bryggens Museum, der me fekk ein introduksjon av kva me kunne forvente frå turen, samt ein gjennomgang av gjeldande smittevernreglar.

Turen gjekk frå Bryggens Museum, videre bak Bryggen til den flotte Mariakirken, via Christi Krybbe (som eg ikkje var klar over var nordens eldste barneskule som fortsatt er i drift), forbi domkirken, og endte ved Lepramuseet (av naturlege grunnar).

Heile vegen bytta skodespelarane på å følge oss, og å springe i forvegen for å gjere seg klare for neste «spel». Me møtte dei som fleire forskjellige karakterar gjennom vandringa, og det var alltid kjekt å finne ut kva som ville møte oss rundt neste hjørne. Frå ein tysk pestlege (med skummel maske og alt) til gravarane på kirkegården (som grov graver til alle kolera-ofrene i Bergen); me møtte mange morsomme karakterar på vegen.

Morsomme fakta om grusomme tider

Eg er svært glad i å ta beina fatt, og elsker å utforske byar på denne måten. I tillegg er eg svært glad i å lære nye ting, so teatervandringa var virkelig midt i blinken for meg. Om du er som meg, og liker desse tinga sjølv, treng du ikkje lenger lure på kva som skjer i Bergen når du skal hit på ferie; du må få med deg dette!

Gjennom dei 90 minuttane me følgde skodespelarane gjennom byen lærte me mykje rart om dei tre store sjukdommane som har prega Bergen; pest, kolera og lepra. Selvfølgelig har det vore fleire som kunne ha vore verdt å nevne, men siden det var begrensa med tid, kunne dei ikkje ta med alt. Som den eine skodespelaren sa: «me måtte velje mellom pest og kolera. Me valde begge«.

Klar for teatervandring i Bergen? Kjøp billett her!

Eg vil ikkje gje vekk for mykje ved å dele kva som vart sagt og kva eg lærte (men om du følger meg på Instagram har du sikkert fått med deg litt allikevel). Det eg vil sei avslutningsvis er at dette var ein skikkelig kjekk måte å få inn litt historie på, og samtidig bli enda bedre kjent i Bergen sine gater. Om du skal til Bergen på ferie, eller bur her slik som meg, anbefalar eg på det sterkaste å bli med på ein av Bymuseet sine vandringar!

Under kan du sjå eit lite bildedryss frå turen.

Sharing is caring!

You may also like

Leave a Comment