Home Norge Høstferie 2020 i Norge: Destinasjoner å få med seg (+ når er høstferien?)

Høstferie 2020 i Norge: Destinasjoner å få med seg (+ når er høstferien?)

by Lisa Stentvedt
0 comment

Psst! Some links in my posts may be affiliate links, which means that I get paid a fee if you chose to purchase something through it. This doesn't cost you anything, but makes a huge difference for me! Thanks for your support!

Sharing is caring!

Er du klar for høstferie 2020? Året har kanskje ikkje blitt heilt som tenkt, og dei aller fleste har (forhåpentligvis) kosa seg med norgesferie i sommar. Om du er ein av dei, håper eg du fekk god nytte av dette innlegget med 14 plassar du må oppleve i Norge. Høsten er no rett rundt hjørnet (nokre plassar i landet er den her allereie), og dei fleste er no godt i gang med å planlegge årets høstferie i Norge. Difor tenkte eg dette innlegget kom til å vera til hjelp!

Først går me raskt over når høstferien er i 2020, før eg går videre til mine beste reisetips og anbefalingar for høstferie i Norge i år.

høstferie 2020 norge fjord
Klar for høstferie i Norge i 2020? Les videre!

Når er høstferien 2020?

Høstferien 2020 strekker seg over 2 veker, og alt etter kva skulekalender du følger, vil skulen din (eller til barna dine) halde stengt for høstferie i ein av dei to vekene.

Dersom du følger skulekalenderen for Østlandet, er høstferien frå mandag 28. september til fredag 2. oktober. I praksis betyr dette at høstferien er frå fredag 25. september til søndag 4. oktober.

På Vestlandet går skuleferien frå mandag 5. oktober til fredag 9. oktober. Men, som nevnt vert jo denne forlenga ved at man får to helger på kvar «side» av ferien. Høstferie 2020 for Vestlandet vert difor frå fredag 2. oktober til søndag 11. oktober.


Høstferie 2020 i Norge: 3 destinasjonar å få med seg

No som me har landa datoar for høstferien, er det på tide å ta for seg kor man bør dra. Om du enno ikkje har bestemt deg, kjem mine beste anbefalingar for høstferie i Norge her, i tilfeldig rekkefølge. Kven som passar best for deg kjem an på kva du er ute etter. Om du heller ønsker å oppleve Rallarvegen på sykkel eller sidersmaking langs fjorden, må du bestemme deg for sjølv. Uansett lovar eg det at du ikkje kan ta feil med ein av desse flotte plassane i Norge!

Les meir: 14 fantastiske destinasjonar i Norge.

#1 Hardanger

Hardanger er ein region med mykje å by på, og anten du er ute etter fart og spenning eller ein roleg sidersmaking langs fjorden, finn du noko å gjere på i høstferien her. Frå Odda kan du gå den kjende turen til Trolltunga (i oktober er det anbefalt å gå turen med guide), og frå Norheimsund eller Øystese kan du bli med på Fjordssafari på Hardangerfjorden. I Øystese anbefaler eg også å sidersmaking hjå Spildegarden.

Les meir: Reiseguide til Øystese, Hardanger

Bu her: Hotel Sandven, Øystese // Trolltunga Hotel, Odda

woman pouring cider in hardanger, norway

#2 Flåm og Aurland

Om du har lest bloggen min ei stund, veit du at eg alltid anbefaler heimbygda og området rundt for folk som skal legge ut på Norgesferie. Spesielt på hausten er området heilt nydeleg, og fargane i fjellsida er noko du seint vil gløyme. Området har nokre flotte fotturar (eg har anbefalt nokre av dei i dette innlegget på engelsk), og høstferien er den perfekte tida på året å legge ut på dei. Stegastein er for eksempel eit populært utsiktspunkt, men visste du at du kan gå dit frå Aurlandsvangen? Joda. Les min guide til turen her (med video)!

Blant andre kjekke aktivitetar i Flåm og Aurland finn du;

  • Flåm Zipline: eit fartsfylt eventyr i Flåmsdalen (sjå video her!)
  • Njardarheimr Vikinglandsby: reis tilbake i tid og opplev Gudvangen slik vikingane levde
  • Flåmsbana (denne kjende togbana treng ingen forklaring)
  • Aurlandsdalen (kanskje ein av Norges mest populære fotturar)
  • Fjordcruise gjennom Nærøyfjorden (som er på UNESCO si Verdsarvsliste)
  • Fjordsafari
  • .. og mykje meir!

Les meir: 10 gode grunnar til å besøke Flåm

Les meir: Bærekraftige opplevelser i Aurland

Bu her: Fretheim Hotel, Flåm // Flåm Marina, Flåm //
Vangsgaarden Gjestgiveri, Aurland // 292 Aurland, Aurland

flåmsbana, flåm, norge
Flåmsbana er for mange grunn nok til å besøke Flåm, Norge.

#3 Bergen

Eg trur ikkje det finnes ein finare by i Norge om hausten. Stavanger og Kristiansand er flotte sommarbyar, og i Oslo finnes det også flotte aktivitetar som passar heile året (les om aktive opplevelsar i Oslo her). Men det er noko spesielt med Bergen. Været i byen er som skapt for mørke høstkveldar, og anten du utforskar Akvariet eller VilVite med barn, eller nyter eit glass vin på Dråpen (ein nydelig vinbar i Bergen sentrum), finn du noko å gjere i Bergen i høstferien. Ein tur innom Håkonshall er også å anbefale (spesielt dersom det regnar ute), og eg anbefaler at du sjekker ut Bymuseet sine Teatervandringer her!

Les meir: fottur til Ulriken (guide med video + kart)

Bu her: Hotel Norge // Thon Hotel Rosenkrantz // Clarion Havnekontoret

Her er nokre aktivitetar i Bergen eg anbefaler at du booker på forhånd:

Der har du tre av mine anbefalingar for høstferien 2020, som (lik sommarferien) må bli innenlands. Norge har mykje å by på, uansett når på året du reiser. Høsten er, for meg, den finaste tida på året, og definitivt den tida eg anbefaler å ta ein norgesferie på det sterkaste. Anten du drar med bil, buss eller tog, kan du i løpet av høstferievekene sjå mykje av det flotte landet vårt.

Les meir på engelsk: Autumn in Norway (travel guide)

Sharing is caring!

You may also like

Leave a Comment