Home NorgeUnike opplevelser i Aurland, Norge

Unike opplevelser i Aurland, Norge

by Lisa
Some links in my posts may be affiliate links, which means that I get paid a fee if you purchase something through it. This won't cost you anything, but makes a huge difference for me! Thanks for your support!

Som du sikkert veit, vaks eg opp i vakre Aurland på vestlandet. Denne bygda ligg innerst ved ein av fjordarmane til den kjende Sognefjorden, berre ein kort køyretur frå Flåm (som eg har fortalt om i tidligare innlegg). Flåm er eit kjent reisemål for dei fleste turistar til og i Norge, og Aurland har også blitt ganske kjend då det ligg så nære.

Mange tilreisande kjem for å sjå dei vakre fjordane, reise med Flåmsbana og for å få med seg den spektakulære utsikten fra Stegastein utsiktspunkt (650 meter over fjorden). Aurlandsfjorden er altso ein del av Sognefjorden, og du finn pittoreske bygder langs fjorden, Flåm og Aurland inkludert. Hvis de legg besøket til Flåm, og har ein ekstra dag til overs, anbefalar eg på det sterkaste å reise til Aurland for nokre flotte og unike opplevelsar der. Flåm kan være ein ganske travel stad i sommarhalvåret, medan det i Aurland kan virke mykje rolegare. Bygda er kun ein ti minuttars køyretur frå Flåm.

Om du skal bu i Flåm, kan du lese dette innlegget: ein guide til overnatting i Flåm!

I dette innlegget vil eg dele nokre av mine favorittaktivitetar, attraksjonar og opplevingar i Aurland. Alle er ein del av SAKTE-alliansen, som er ei samling med lokale verksemder og opplevingar langs Aurlandsfjorden. Alle desse er bærekraftige bedrifter, og grunnen til at alliansen heiter «Sakte» er at verdiane til desse bedriftene er forankra i ein “reis sakte”-filosofi, og at dei ligg i området som er på UNESCO si verdsarvliste. Idèen er å fremje og drive bærekraftig reiselivsnæring, med fokus på at om du reiser saktare, kan du oppleve meir. På same tid legg du att mindre fotspor i naturen og plassane du besøker. Ilag med Nærøyfjorden Verdsarvpark – stiftelsa som koordinerar aktivitetar og mål for verdsarvsområdet, vart eg invitert til å besøke nokre av SAKTE-verksemdene for å få eit innblikk i dette. Under fortel eg om mine erfaringar, samt tipser om dei beste opplevingane i Aurland – heimbygda mi!

Dersom du planlegg ein tur til denne delen av Sogn, anbefalar eg at du besøker verksemdene i denne guiden. Du vil få unike opplevingar ved Sognefjorden, og det fine er at etter endt besøk veit du at du har støtta bærekraftige verksemder! På lista under finn du også eit boutique-hotell for alle som leiter etter overnatting i Aurland.

Alle verksemdene i SAKTE-alliansen hjelp og støttar kvarandre, og bidreg til ei positiv oppleving for alle som kjem på besøk.
Så her er min guide til gode og unike kvalitetsopplevingar i Aurland, Norge.

Ikkje langt i frå Aurland finn du Flåm, med fleire unike opplevelsar! Blant anna er Flåm Zipline ein av mine favorittar, og du kan lese om opplevinga (og sjå video frå eventyret) her!

Aurlandsfjorden, Aurland, vestland
Aurlandsfjorden og Aurland er bland dei flottaste områdene i Norge, spør du meg.

6 unike opplevingar i Aurland

Alle dei seks verksemdene som er inkludert under finn du i sentrum eller innen kort avstand frå sentrum av Aurland (og som nemnd over ligg Aurland berre ein ti minuttars køyre- eller båttur frå Flåm). Til saman sørger desse bedriftene for ein perfekt og innhaldsrik dag ved fjorden. Sett av ein heil dag til alle å oppleve desse.

I Aurland finn du også det kjente utsiktspunktet Stegastein, som tilbyr panoramautsikt over bygdene og fjorden under. Les min guide til Stegastein utsiktspunkt her!

Eg har skrevet og utgitt ei komplett e-bok/reiseguide til Aurland, Flåm og omegn. Den finn du her (på engelsk, enn so lenge)!

Les meir: 14 fantastiske plassar i Norge å reise til om du planlegger ferie i Norge!

Eller les dette innlegget for 7 plassar å stoppe på road trip i Norge!

#1 Aurland Skofabrikk

Visste du at den første, originale «penny loaferen» vart laga i heimbygda mi?

Den heiter i dag Aurlandsskoen, og har vore produsert her i over 100 år. Britiske laksefiskarar besøkte området for mange tiår sida og likte veldig godt utsjånaden på skoen, og dermed starta ferda. Snart vart Aurlandskoen funnen over heilt verda, og nye versjonar vart laga og kopiert. Det vert sagt at til og med James Dean og Michael Jackson hadde eit par med Aurlandssko! Personleg har eg 5-6 forskjellige par.

Du har kanskje høyrt at slike sko vert kalle «weejuns» på engelsk? Vel, det kjem fra ordet «Norwegians», og er ei forkorting.

I sentrum av Aurland, rett ved fjorden finn du den siste gjenverande fabrikken som framleis lagar Aurlandskoen. Før i tida var det flerie fabrikkar i bygda som produserte skoen. Dette er og den siste aktive skofabrikken i Norge. Om du er i Aurland kan du besøke fabrikken og sjå korleis skoa vert laga. I tillegg kan du kjøpe med deg eit par heim frå fabrikkutsalet.

I tillegg til å lage sko, har Aurlandsskoen i seinare tid også starta å produsere andre artiklar, som belter, vesker, og andre produkt i lær. Dei har endra navn til Aurlands, siden du finn mykje meir enn berre sko hjå dei no. Men Aurlandsskoen er ein klassikar som du ikkje må gå glipp av. Lær meir på heimesida deira her!

#2 Merete Rein Glassblåseri & Galleri

For nokre år sidan, tilbake i 2012, åpna ei lokal dame eit glassblåseri i eit lite hus i sentrum av Aurland. Me omtalar sentrumsområdet for Aurlandsvangen, forresten. Ho brukte mangfoldige timar på å utvikle dette, på å utdanne seg for å verte sertifisert glassblåsar. Ho fulgte rett og slett lidenskapen sinn og åpna «Glasshytta» på Aurlandsvangen.

Merete lagar i dag fantastiske kunstverk av glas, samtidig lagar ho mykje praktisk kunst også, som til dømes skåler og vasar. Verksemder i Aurland og omegn har starta å ta inn fleire av dei unike produkta hennar, og kunsten hennar har til og med vorte funnen på eit galleri i Venezia i Italia. Som du ser på bilde av fisken nedanfor så brukar ho flotte fargar og har eit heilt spesielt auge for detaljar.

Åpningstidene hennar finn du på heimesida til Merete Rein Glass. Ho har åpe dei fleste dagar utanom søndagar i høgsesongen. Eg anbefaler eit besøk til Merete på det sterkaste under opphaldet ditt i Aurland. Du vil mest sannsynleg ta med deg noko heilt unikt som du kan dekorere heimen din med. Me har sjølv fiskar i glas hengande i vindauget heime, og dei er kjempefine!

Du kan sjekke ut produkta hennar her og sjå galleriet – eg ville absolutt latt det vera plass i kofferten til kunst herfra når du skal til Aurland.

#3 Gardsbutikken, Sogn Jord- og Hagebruksskule

Visste du at Aurland har den einaste økologiske landbruksskulen i landet? Joda. Studentar kjem hit frå heile Norge (og nokon frå utlandet) for å lære korleis ein driv bærekraftig og økologisk jordbruk. Det er alltid kjekt å sjå kor mange “visste du at”-spørsmål eg kan stille når eg fortel om Aurland. dette er verkeleg ei bygd vert å ta turen til (og eg har ikkje eingong nemnd Aurlandsdalen!).

Gardsbutikken er populær blant lokale, og besøkande i området er selvfølgeleg også velkomne hit! Her sel dei vakre blomar og planter, grønnsaker, frukt og bær, samt urter som vert produsert på Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH). Eigne spesialitetar har dei også, som eigenprodusert eplesaft. Dei har og andre lokale produkt, som til dømes ost fra Skjerdal Stølsysteri (som du kan lese meir om lengre ned i innlegget).

Om du besøker bygda Aurland finn du Gardsbutikken berre ein kort spasèrtur frå Aurlandsvangen. For alle som vil finne rimelege løysingar og samtidig tenke på miljøet, kan du ta med eigne bærenett eller emballasje til varene du handlar. Dei sel nemleg fleire av produkta sine i lausvekt. Du får sjølvsagt papirpose eller emballasje om du treng, men ved å tenke over nettopp dette så har du vore med å spart miljøet litt du også. Dette er ei av grunnene til at Gardsbutikken er på lista over bærekraftige verksemder i kommunen.

Du kan lese meir om dei her, samt finne informasjon om åpningstidene deira.

#4 Marianne Bakeri og Kafe

Det er ein stad på Aurlandsvangen som lokalbefolkninga sverger til, der dei møtes for lunsj, eller for å ta ein kaffe. Det er hjå Marianne. Det lokale bakeriet og den tilhøyrande kafèen ligg midt i sentrum av Aurland, og du vil legge merke til bygget ved elva om du kjem køyrande fra Flåm til Aurland.

Her baker Marianne brød, bollar og kaker kvar dag. Ho nyttar oftast lokale produkt (for eksempel frå Gardsbutikken nemd over). Ho kan freiste med klassiske bakverk, dagens suppe og fyllt foccacia (sjå bildet under) – min favoritt! Iskaffen er og verdt å prøve. Om du stopper her for ein rask «fika» eller om du skal ha eit større måltid til lunsj, får du nett det hjå Marianne Bakeri. Du støtter ei fantastisk lokal verksemd, som eg anbefale sterkt!

Kvar dag er det ulik suppemeny, og eg kan love deg at du vert fornøgd dersom det er tomatsuppe som står på menyen når du er innom (alle suppene er fantastiske, men tomatsuppe har vore min favoritt siden eg var liten). Kafèen er ein super stad for å ete lunsj før du fortsett på dine neste opplevingar langs Sognefjorden.

I tillegg til bakverk, så sel Marianne også andre produkt i kafèen sin – dette er lokale produkt frå andre verksemder i kommunen og omegn, og du kan få med deg fleire lokale godbitar heim.

Hvis du vil følge med på kva som skjer på kafèen og få eit innblikk, sjekk ut Facebook-sida til Marianne Bakeri.

#5 Skjerdal Stølsysteri og Kafe

Ein anna, heilt unik stad å besøke langs Aurlandsfjorden er stølsysteriet i Skjerdal. Ein støl vert brukt om sommaren der dyra kan ha tilhaldsstad og beite, og desse stølane finn du som oftast høgare opp i fjella enn garden dei høyrer til. Ikkje at nordmenn treng forklaring på kva ein støl er, men siden dette innlegget originalt vart skrevet på engelsk (les det her), tenkte eg like gjerne å inkludere det.

Skjerdal Stølsysteri er derimot litt nærare hovudgarden, berre ein tretti minuttars gåtur. I bildet til høgre under kan du sjå stølen, som ligg ved foten av fjellet. På bildet til venstre kan du sjå geitene på veg heim frå beiting ved fjorden. Desse to bildene gir deg eit lite innblikk om kva som venter deg hjå Skjerdal Stølsysteri.

På Leim lagar dei ost av geitemjølk, og etter ein kort gåtur til stølen kan du sette deg ned og nyte nydeleg utsikt utover Aurlandsfjorden, medan du et ei nysteikt vaffel med lokal geitost på. Betre kan det ikkje verte! Moglegheiten til å oppleve dette får du mellom 1.juli og 30.august. Eg lovar deg, dette er ei heilt unik oppleving – høgt oppe på lista mi!

Om du er ei gruppe på fem personar eller fleire, er det anbefalt å sei ifrå på førehand ved å kontakte Skjerdal Stølsysteri på nettsida. Sei gjerne at du fekk anbefalinga frå bloggen til Lisa!

Hvis du vil reise til Skjerdal med båt, kan eg anbefala å starte turen frå Flåm med ein guida Fjordsafari-tur (med RIB-båt), som ender opp med fottur til Leim og eit besøk Skjerdal Stølsysteri og dei fine geitene der. For meir informasjon og booking – sjå her!

#6 292 Aurland

No har eg fortalt deg om fleire flotte (og unike) aktivitetar ved Aurlandsfjorden, og då er det på tide å tenke på kor du kan bu under opphaldet ditt. Det finnes nemleg eit hotell i Aurland som er ganske så spesielt. Dei har kun ti rom, og kvar og eitt er heilt spesielt innreda. 292 vil eg kalla eit luksuriøst boutique-hotell omkransa av nydeleg natur, og du kjem ikkje til å ville reise herifrå når du først er her. Eg kan og nemne at dei har utendørs jacuzzi, i tilfelle du ikkje er overbevist enno.

Som sagt er romma heilt spesielle, og det er brukt unike materiale til både gardiner, veggar og møblar. Noko heilt for seg sjølv – dette må opplevast!

For eit lite innblikk kan du sjekke ut nettsida deira her. Der vil du finne at dei ulike romma til og med har eigne namn. Sjå også bilde nedanfor.

Om du er oppteken av at hotellet du bur på i Aurland også er ei bærekraftig turistverksemd, vel – då er du på rett stad! 292 Aurland er stolte over at dei nyttar lokale produkt så ofte dei kan, og du vil finne ferskt brød frå Marianne Bakeri på frukostserveringa, blomar og råvarer frå Gardsbutikken til SJH, og dei serverar ost frå lokale aktørar til brødet. Dette er noko av det som gjer at 292 Aurland har ein velfortent plass på lista til SAKTE-alliansen. Rett og slett fantastisk!

Ein anna måte 292 bidreg til kampen for miljøet på er at dei krever eit minimumsopphald på 2 netter. Dette er fint på mange måtar – du er med å redusere bruken av både vatn og produkt til reingjering av rom, samtidig som du er med på å leve og reise sakte. Med 2 netter har du bedre tid til å utforske Aurland og den flotte naturen bygda har å tilby, og du vil garantert senke skuldrene og nyte opphaldet ditt her!

Med berre ti rom, er 292 Aurland naturligvis ofte fullbooka. Det er ein populær overnattingsstad med god grunn, så sørg for å booke i god tid på førehand. Du finn informasjon om booking her!

Bærekraftige og unike opplevelsar i Aurland

No har du fått nokre av mine beste tips til unike og bærekraftige opplevingar i Aurland på vestlandet! Som du veit, elskar eg å dele tips og erfaringar til området der eg vaks opp, og det var veldig kjekt å skrive dette innlegget og få dele desse flotte plassane. Om du vil lesa meir om Aurlandsfjorden og området rundt, finn du ei oversikt over alle innlegg i kategorien her.

Ein stor takk til Nærøyfjorden Verdsarvpark og SAKTE-alliansen som invitere meg til å besøke alle desse flotte verksemdene. Hvis du har spørsmål, nøl ikkje med å ta kontakt med meg – gjerne i kommentarfeltet under. Eg håpar du har det moro medan du planlegger din tur til Aurland!

You may also like

Leave a Comment