Home NorgeFlåm Zipline: Alt du trenger å vite (med video!)

Flåm Zipline: Alt du trenger å vite (med video!)

by Lisa
Some links in my posts may be affiliate links, which means that I get paid a fee if you purchase something through it. This won't cost you anything, but makes a huge difference for me! Thanks for your support!

For ikkje lenge sidan åpna ein ny aktivitet i Flåm, og her snakkar me om ei heilt ny form for adrenalin-kick: Flåm Zipline! Nord-Europas lengste zipline frister kanskje litt for deg som søker eventyr? Flåm Zipline tek deg eit stykke nedover i den øverste delen av vakre Flåmsdalen, med endestopp i Kårdalen ved Rallarrosa Stølsysteri. Som lova, er dette ein heilt unik opplevelse, og eg kunne ikkje la vere å prøve (per no har eg teke Flåm Zipline to gonger – og eg gleder meg allereie til neste gong)! Eg tok selvfølgelig med meg GoPro-kameraet mitt, så om du har lyst til å sjå min Flåm Zipline-video må du sjå Youtube-klippet lenger ned i innlegget!

La oss starte med nokre fakta om Flåm Zipline.

Dei åpna i 2018, og eventyret startar på Vatnahalsen og ender altso opp i Kårdalen. Vatnahalsen er omtrentleg på toppen av Flåmsdalen, og dette er eit togstopp på den kjende togturen Flåmsbana (du er med no sant?). Så hvis du allereie no planlegg ein tur til Flåm, kan du huke av fleire ting på lista – både den berømte (og vakre) togturen og eit realt adrenalin-kick ved å prøve Flåm Zipline!

Om du planlegg ein tur til Flåm/Aurland-området, ikkje gå glipp av desse innlegga på Fjords & Beaches:

eBok: Travel Guide to Flåm, Aurland and the Aurlandsfjord area (reiseguide til området, på engelsk)

Dette innlegget – om Flåm Zipline – finn du på engelsk her!

flåm zipline og utsiktspunkt, flåm, vestlandet, norge
Om du ikkje tør å ta ziplinen er det verdt å besøke Flåm Zipline for utsikten aleine.

Flåm Zipline: Fakta

Først og fremst må eg komme med historien bak sjølve Flåm Zipline, og nokre fakta.

Flåm Zipline er som nevnt den lengste i Norge, Skandinavia og Nord-Europa. Den er nest-lengst i Europa (det er faktisk ein zipline i Wales som er lengre). Den er også ein av dei raskaste i Europa, og kan nå ein toppfart på 100 km/t (og over om været og vinden tillater det!).

Turen med Flåm Zipline tek omtrent 1,5 minutt, som er lenge nok å sveve i lufta (sjølv om turen overraskande nok er ganske avslappande etter at dei verste sommarfuglane i magen er vekke).

Total lengde på ziplinen er 1381 meter, som jo er logisk når du no veit kort lang tid det tek å komme seg ned i minuttar. Det som er ganske interessant å tenke på er at høgdeforskjellen frå start til slut, som er på heile 305 meter!

Verksemda åpna på seinsommaren i 2018, og vart raskt veldig populært hjå både lokale og tilreisande i området. Om du syklar den kjende og populære Rallarvegen, kan du til og med sende sykkelen din med zipline ned til Kårdalen (endestoppen). Derifrå kan du sykla vidare på Rallarvegen til Flåm. Utruleg kult, ikkje sant?

Flåm Zipline har sesongbaserte åpningstider, så det er alltid lurt å sjekke dette før ein kjem på besøk. Dei opnar vanlegvis for sesongen 1.mai, og er åpne kvar dag fram til 15.oktober, men dette kan variere frå år til år.

Du kan finne all informasjon, inkludert oppdaterte opningstider, her på nettsida deira!

Flåm er ein av fleire plassar eg anbefaler at du stopper om du skal på bilferie i Norge! Les om alle her!

Flåm Zipline Video

Som eg lova, her er video av Flåm Zipline-eventuret!

Vil du få eit godt inntrykk av korleis ein tur med Flåm Zipline er? Sjå på videoen nedanfor for min fullstendige opplevelse av dette tilbodet! Eg filma dette sommaren i 2019, og dette var min andre tur med Flåm Zipline. Eg tok Flåmsbana frå Flåm til Vatnahalsen stasjon, og leigde sykkel i Kårdalen som eg kunne ta med meg vidare på ferden – videoen viser både togturen (Flåmsbana er å anbefale), zipline og sykkelturen ned att til fjorden.

Korleis komme seg til Flåm Zipline?

Det spørsmålet eg oftast får av besøkande til Flåm og Aurland er korleis ein skal komme seg til Flåm Zipline. Det er fleire måtar å komme seg dit på, og kva reisemåte som er best for deg kjem an på om du kjem reisande frå Oslo eller Bergen (eller Flåm).

Om du reiser frå Flåm, er det enkelt – då kan du ta Flåmsbana direkte frå Flåm til Vatnahalsen.

Om du kjem med Bergensbanen frå Oslo (eller Bergen) er det Myrdal stasjon du må gå av på. Frå Myrdal kan du enten gå (ikkje anbefalt med trillekoffert) ned til Vatnahalsen, dette tek cirka ti minuttar, eller du kan ta toget frå Myrdal til Vatnahalsen (Flåmsbana, med andre ord).

Stasjonen ved ziplinen er altså Vatnahalsen. Om du har med deg baggasje, kan denne sendast ned til Kårdal med ein eigen zipline, men merk at frå Kårdal må du då bera baggasjen ned att til Flåm (med mindre du har vore lur og leigd sykkel med hengar).

Tilleggskommentar; Toget mellom Flåm og Myrdal er som nemnt den populære Flåmsbanen, så om du håpar på å krysse av denne frå lista di – er dette mogleg!

Veldig mange besøker området med sykkel, anten med start frå Finse, Haugastøl eller Myrdal. På strekninga Rallarvegen finn du Flåm Zipline. Og som nevnt kan du sende sykkelen din ned ziplinen utan ekstra kostnad.

Som alternativ transport kan ein til dømes å reise med ein ATV (stemmer, terrengmotorsykkel med plass til opptil fem personar), og du kan ta kontakt direkte med Flåm Zipline for å booke privat transport på post@flaamzipline.no. Dette gjorde eg sjølv ei gong då tidene til Flåmsbana ikkje passa med min timeplan. Det var ein rask og morsom måte å komme seg opp til Vatnahalsen på.

Korleis booker du billettar til Flåmsbana og Flåm Zipline?

Denne kan eg lett svare på!

Billettar for ein tur med Flåm Zipline kan du booke HER. Der kan du og lese alt du treng om attraksjonen, og vær særskild oppmerksam på punktet om helse, då det finnes nokre kriterier for å få gjennomført opplevinga.

Billettar til Flåmsbana kan du booke HER eller via Vy.

Merk deg at billettar til både zipline og toget kan bookes på same nettside, Visit Flåm, så det er lurt å legge begge deler i handlekorga før du betalar, slik at du slepp betale to gonger.

Mitt tips er å gå vidare til Flåm frå Kårdalen når du kjem ned med Flåm Zipline. Det tek omtrent 3-4 timar å gå derifrå og ned til Flåm. Om ikkje tida strekk til, er det også mogeleg å leige syklar ved kiosken i Kårdalen, men merk deg at det er kun eit visst antall syklar til utleige, så her er det førstemann til mølla.

Om du vil garantere at du får sykkel, kan du førehandsbestille på Myrdal Stasjon, sykle ned til Vatnahalsen der ziplinen startar, deretter sende sykkelen ned med zipline, og sykle vidare. Når du kjem fram til Flåm, kan sykkelen leverast ved togskinnene attmed Flåmsbanamuseet (forresten, eit besøk hjå dei er også ei av anbefalingane mine – og det er gratis inngang!).

kårdalen, flåm zipline video, norge

Kva kan du vente deg når du skal ta Flåm Zipline?

Om du kom hit for å få ein sneak peak på opplevinga, så har du kome til riktig stad!

Eg har altså opplevd denne attraksjonen meir enn ei gong, og det har vore like moro kvar gong! Vertskapet som jobbar på Flåm Zipline er flotte, vennlege og dei vil verkeleg at du skal føle deg trygg og få ei fantastisk oppleving (dei er svært tydelege når dei gir sikkerhetsinstruksane). Dei sender deg avgårde med eit smil og tommel opp, og dei tek imot deg når du kjem fram i Kårdalen – verkeleg bra service!

Å oppleve ein tur med Flåm Zipline er mildt sagt magisk! Følelsen av fritt svev i det du ikkje har føtene på rampa lengre er både skremmande og fantastisk på samme tid. Når det verste suget i magen er over (det varer i nokre få sekundar, fram til du hjernen skjønner at du er festa godt til ziplinen og at du ikkje kan dette ned), så kan du verkeleg nyte ferden og den nydelege utsikten du får. Eg har aldri sett naturen og landskapet i Flåmsdalen på denne måten før. Når eg flaug gjennom lufta ved Myrdalssvingange såg folka der nede på stien i botnen av dalen ut som små prikkar – heilt uverkeleg!

Når det kjem til turopplevingar som gir eit lite kick dreier det seg oftast om dykking for min del, men Flåm Zipline er ulikt alt anna eg har prøvd – dette kan eg gjere om att og om att. Eg lovar deg, dette må du prøve hvis du skal reise til Flåm. Det kjem til å verte turens høgdepunkt!

Vil du lese om fleire tips fra Flåm og omegn, sjekk ut desse :

You may also like

Leave a Comment