Home NorgeAurlandsfjorden (Flåm, Aurland, Gudvangen, Undredal) Stegastein Utsiktspunkt, Aurland (GUIDE + VIDEO!)

Stegastein Utsiktspunkt, Aurland (GUIDE + VIDEO!)

by Lisa Stentvedt
0 comment

Psst! Some links in my posts may be affiliate links, which means that I get paid a fee if you chose to purchase something through it. This doesn't cost you anything, but makes a huge difference for me! Thanks for your support!

Sharing is caring!

Det er på tide eg skriv eit innlegg om ein av dei mest populære attraksjonane i bygda eg vaks opp i, og eg veit dette innlegge skulle ha kome for lengst. Du kan faktisk sjå huset mitt frå Stegastein utsiktspunkt, i tillegg til panoramautsikten du får over Aurlandsfjorden, Aurland og Flåm. Eg elsker å dele informasjon om området, og difor er det berre naturleg at eg har dedikert ein heil guide til Stegastein!

Bonus: lenger ned i innlegget kan de sjå ein video frå Stegastein – filma i 2020!

Stegastein Utsiktspunkt (eller Stegastein utkikkspunkt, Stegastein utsiktsplattform eller berre Stegastein – kjært barn har mange navn) finn du langs “Snøvegen” som går mellom Aurland og Lærdal, og er ein av Aurland sine mest populære attraksjonar blant turistar og besøkande (finn ei oversikt over fleire attraksjonar i Aurland her). Utsiktspunktet sjølv har vunnet fleire arkitekturprisar gjennom åra, og er bygd for å gi ein illusjon av at du “flyt” over fjorden.

Du finn Stegastein 650 meter over havet og fjorden, og dette gir deg ei heilt spektakulær utsikt over Aurlandsfjorden. Eg tek alltid med meg venner og besøkande til Stegastein når dei kjem på besøk, og det er med god grunn at utsiktspunktet har blitt so populært.

Les fleire innlegg om Aurland, Flåm og området her:

Dette innlegget vart først publisert på engelsk her.

Stegastein utsiktspunkt, aurland, norge
Stegastein Utsiktspunkt gir nydelig utsikt over Aurlandsfjorden. Bilde: Robert Bye på Unsplash

Guide til Stegastein Utsiktspunkt, Aurland

Frå Stegastein Utsiktspunkt kan du sjå bygda Aurland rett nedanfor platformen. Du vil kunne peike ut kyrkja (som daterar tilbake til 1202 – “Sognedomen”), skulen og Rådhuset. Aurland er kommunesenteret i Aurland Kommune, som og inkluderer bygdene Flåm, Gudvangen og Undredal.

Om du løfter blikket litt og ser mot venstre vil du sjå Flåm; bygda i enden av Aurlandsfjorden. Til høgre ser du “inngangen” til fjordarmen, og ut mot resten av Sognefjorden. Panoramautsikten du har her kan ikkje samanliknast med noko anna, etter mi meining. Eg kan love deg at bildene frå Stegastein vil inkludere ditt nye cover-foto til Facebook!

La oss no snakke om dei viktige sakene.

Utsiktspunktet vert travelt, spesielt om sommaren. Du må difor forberede deg på at du vil møte mange andre som nyter utsikten frå toppen. Om målet ditt er å få eit bilde uten nokon andre i det, anbefaler eg at du reiser opp rett før soloppgang (om sommaren, altso). Stegastein Utsiktspunkt er svært populært heile året, men er mest travelt frå mai til august.

Det er offentlege toalett på Stegastein, i tilfelle behovet melder seg, men dei er ikkje alltid opne. Eg skulle gjerne ha fortalt at dei er opne heile året (som dei burde vera), men grunna litt problematikk rundt tilgang (går eg ut ifrå) hender det dei er stengd i periodar om vinteren (for eksempel om det er lekkasje eller tette rør, kan det ta vekevis før dette er løyst). Lokale er ikkje kjempenøgde med dette, og eg håper det er ei utfordring som gir seg.

Difor anbefaler eg at du bruker toalettet før du reiser opp på Stegastein.

Men, merk at om toalettene er åpne, anbefaler du å ta ein kikk. I 2016 vart dei kåra til dei fjerde beste offentlege toaletta i verden, i ei kåring av Design Curial.

Om du vil ha informasjon om korleis du kjem deg til Stegastein (anten frå Flåm eller Aurland, for eksempel), les videre. Eg tek for meg alt du treng lengre ned i innlegget.

Heiter det Stegastein Utsiktspunkt, Stegastein-platformen, eller kva?

Berre ein rask kommentar for å unngå misforståelsar rundt kva man egentlig skal kalle utsiktspunktet, då det er fleire forskjellige navn som går rundt (spesielt på engelsk). Navnet er Stegastein Utsiktspunkt, men det er ikkje heilt feil å sei Stegastein Utsiktsplatform. Dei aller fleste kaller det berre Stegastein lokalt.

So veit du det.

utsikten fra stegastein, aurland

Korleis kome seg til Stegastein Utsiktspunkt

Eit av spørsmåla eg får oftast frå tilreisande (spesielt i Facebook-gruppa mi om norgesferie), som omhandlar utsiktspunktet, er korleis ein kan kome seg dit på beste måte. Siden dei fleste reisande bur i Flåm når dei kjem til området (her er mine favoritt-hotell i Flåm), er det naturleg at dei starter der når dei skal til Stegastein.

Det er to hovudmåtar å kome seg til Stegastein på (eller, tre, men den tredje kan slås saman med den andre).

Gå/Fottur til Stegastein Utsiktpunkt

Eg gjekk nyleg til Stegastein for første gong, og naturligvis måtte eg lage ein video av opplevinga! Du kan sjå den under (og eg vil sette stor pris på om du gir den ein tommel opp og abonnerer på YouTube-kanalen min her!). Turen tek om lag 2 timar, og er ganske bratt (turen er merka som RAUD). Men, det var heilt verdt det når me kom til toppen, og eg meiner dei aller fleste kan klare det om dei har rett utstyr og tek den tida dei treng. Dette er turskoa eg bruker.

Køyre til Stegastein

Dei aller fleste velger å køyre til Stegastein når dei kjem til området (spesielt om dei er på bilferie og har med bilen uansett). Frå Flåm til Aurland tek det om lag 10 minutt å køyre, og frå Aurlandsvangen (sentrum) tek det 20 minutt opp til Stegastein – på ein god dag. Ver klar over at vegen frå Aurland til Stegastein er smal på fleire plassar, med få møtepunkt langs vegen, og eg anbefaler alltid at reisande som ikkje er 100% sikre på norske vegar bør reise med busstur (informasjon under).

Det er nok fåfengt å nevne dette på norsk, men eg tek det med allikevel. I den engelske versjonen av denne artikkelen har eg anbefalt at ein ikkje bør køyre til Stegastein dersom man ikkje kan manøvrere bilen trygt på små område, rygge uten å bli stressa ved tanken på å dette ned fjellsida, eller halde deg roleg i ein situasjon der det er mykje trafikk og bilar bak deg som er utålmodige.

Dette virker kanskje som ein vits, men stol på meg her. Kvar sommar er det store forsinkelsar på vegen til Stegastein (nokre gonger kan den 20-minuttar lange turen ta over ein time). Dette er som oftast på grunn av turistar i leigebilar som ikkje burde ha teke turen sjølv. Ofte høyrer me historiar om lokale som må gå ut av bilen sin for å rygge for andre, som ikkje tør.

Om de treng påminning om kva som kan gå gale, sjekk ut denne artikkelen og legg merke til bildet.

Dersom du er litt usikker på kor komfortabel du ville vera med å køyre til Stegastein Utsiktspunkt, anbefaler eg at du reiser med buss (informasjon om dette under). Då vil du kunne nyte turen og utsikten på veg opp uten å stresse.

Om du skal køyre til Stegastein, sjekk alltid Vegvesenet sine nettsider på forhånd, slik at du er oppdatert på eventuelle situasjonar som påvirker turen din.

Ta buss til Stegastein

Den tredje (men egentlig andre – siden du følger same veg) måten å kome seg til Stegastein på er å ta buss. Det er eit selskap som tek deg frå Flåm (og Aurland) til utsiktspunktet. I høgsesong har dei avgangar ein gong i timen, og det er fleire daglege avgangar i lavsesongen også. Difor er sjansen for å tilpasse ein tur til Stegastein inn i planen din ganske høg.

Turen tek 1,5 time totalt. Køyreturen frå Flåm til Stegastein er 30 minutt, og det er lagt inn ein 30 minutt stopp ved utsiktspunktet. Dette er nok tid til å nyte utsikten, ta flotte bilder, bruke toalettet (om det er åpent), og kome seg tilbake på bussen att. Det eg liker best med denne turen (ja, eg har teke den) er audioguidingen undervegs. Denne er inkludert i billettprisen, og du får utdelt din eigen radio med øyretelefon, slik at du kan få informasjon om området og Stegastein mens du sitter på bussen.

Få meir informasjon og book turen her!

Avsluttande ord om å besøke Stegastein, Aurland

No har du forhåpentligvis fått litt meir informasjon om Stegastein, og er klar for ditt besøk til fjordane! Stegastein er eit utsiktspunkt verdt å besøke om du er i området, og anten du vel å ta buss, bil eller gå til toppen, kjem du til å elske utsikten når du kjem dit. Om du har spørsmål om Stegastein eller området, må du gjerne legge att ein kommentar under! I mellomtiden kan du også lese mine andre guider til området:

Sharing is caring!

You may also like