Home NorgeAurlandsfjorden (Flåm, Aurland, Gudvangen, Undredal) 10 Gode grunner til å besøke Flåm, Norge

10 Gode grunner til å besøke Flåm, Norge

by Lisa Stentvedt
0 comment

Psst! Some links in my posts may be affiliate links, which means that I get paid a fee if you chose to purchase something through it. This doesn't cost you anything, but makes a huge difference for me! Thanks for your support!

Sharing is caring!

Som du sikkert har fått med deg til no, er eg svært glad i området rundt Aurlandsfjorden, med bygdene Flåm, Aurland, Undredal og Gudvangen inkludert. Dette fjordområdet på vestlandet inkluderer Nærøyfjorden, som er på UNESCO si Verdsarvsliste, i tillegg til mange flotte attraksjonar som er verdt å få med seg. No som eg er i gang med å få Fjords and Beaches opp på beina på norsk (les meir om denne beslutningen her), er det difor berre naturleg at området der eg vaks opp har eit fokus.

I dette innlegget vil eg difor dele mine tankar rundt kvifor du bør legge ferien din til Flåm, Norge, når du skal ut på tur. Det finnes mange gode grunnar til å besøke Flåm, og alle vil nok bidra til at du legg ferien til vestlandet i år.

Les meir:

flåmsbana, flåm, norge
Flåmsbana er for mange grunn nok til å besøke Flåm, Norge.

10 Gode grunnar til å besøke Flåm i år

Det finnes utallige grunnar til at Flåm bør vera på lista di over plasser å besøke i Norge, men under har eg valgt ut dei eg meiner er dei viktigaste. Dette er grunnane til at eg og vennene mine, gang på gang, tek turen inn til Flåm for å nyte sola, sjå vinden herja over fjorden, eller ta ein tur opp i Flåmsdalen for nye eventyr. Denne vetle bygda (med berre nokre hundretalls innbyggjarar), har mykje å by på, og dette har ikkje gått verda forbi.

Mange reisande legg turen sin til Flåm, og gjennom åra har eg møtt turistar frå heile verda på brygga der. Eg kan garantere at du vil få ein fin tur dit, du og. Difor, uten meir utbrodering frå meg, gir eg deg 10 gode grunnar til at du bør besøke Flåm i år!


#1 Kjende attraksjonar

Du kjenner vel att bildet over, og det grøne toget som i mange tiår har køyrd gjennom Flåmsdalen, frå fjorden heilt nede i Flåm, til fjellet og Myrdal stasjon (867 meter over havet). Flåmsbana er ein kjent og kjær attraksjon i området, og trekk reisande frå heile verda til Flåm. Togturen tek om lag 1 time kvar veg, og vert kalla verdas mest spektakulære togreise av ein grunn. I løpet av turen køyrer du gjennom den frodige Flåmsdalen, forbi stupbratte fossefall, og gjennom imponerande ingeniørkunst (i ein av tunnelane snur toget 180 grader!). Flåmsbana er ein av dei mest kjende attraksjonane i området, og er ein svært god grunn for å besøke Flåm.

#2 Flotte fotturar

Friluftsentusiastar vil ikkje angre på at dei la turen til Flåm. I nærområdet finn du flotte fotturar og fjellturar, som passar for alle aldre og former. Anten du vil prøve deg på Aurlandsdalen (Flåm ligg, om du ikkje visste det, i Aurland Kommune), Flåmsdalen (ta Flåmsbana opp og gå ned att til bygda), eller ein av dei mindre turane nær sentrum (som for eksempel Brekkefossen), finn du ein fottur som passer i Flåm. Sjå video frå den korte turen til Brekkefossen i Flåm her:

#3 Unike produkt

Har du høyrd om Aurlandsskoen? Om du har vakse opp i Norge har du nok det, eller i alle fall sett eit par med Aurlandssko i løpet av livet. Denne kjente skoen vert fortsatt produsert i Aurland, 10 minutt frå Flåm, og der finn du både skofabrikken (som den einaste i Norge) og fabrikkutsalg. Det finnes også utsalg i Flåm for dei som ikkje tek turen til Aurland. Aurlandsskoen vert kalla «the original pennyloafer», og det seies at både James Dean og Michael Jackson hadde eit par!

I tillegg til Aurlandsskoen (og dei andre produkta til Aurlands), finn du mykje unikt håndverk og produkt i kommunen. Frå den lokale glassblåsaren frå Aurland (Merete Rein) og Huldra Sjokolade (laga i Flåm), til unike produkt inspirert av Flåm, fjorden og området rundt. Alt dette finn du hjå @memoriesfromnorway.


#4 Lokalt øl fra Flåm

Det er ikkje berre lokale produkt og sjokolade som bør inspirere turen din til Flåm. Ægir Bryggeri er lokalbryggeriet me alle er so stolte av, og det finnes ikkje ein Aurlending som ikkje påpeiker det høgt og tydelig når han finn Ægir øl på menyen i Oslo eller Bergen. I tillegg til å kunne kjøpe med deg ølet frå dei lokale butikkane i Flåm og Aurland, kan du nyte ein god middag og ein ølsmaking på Ægir Bryggeripub, midt i sentrum av Flåm!

#5 Nærøyfjorden (og Aurlandsfjorden)

Selvfølgelig er fjordane på lista over kvifor du bør besøke Flåm. Nærøyfjorden, som er på UNESCO si Verdsarvliste, er lett tilgjengeleg med fjordcruise frå Flåm. Dei nye båtane Future of the Fjords of Legacy of the Fjords glir lydlaust gjennom fjorden uten å etterlate spor (fartøya er nemleg elektriske), i tillegg til at dei er designa og bygd for optimalt utsyn. Anten du står på dekk eller sitt inne med eit glass vin (eller ein øl frå Ægir), vil du kunne nyte utsikten til Norges vakraste fjord.

nærøyfjorden, gudvangen, flåm

#6 Historiske hotell

Om du, som eg, er glad i historie og liker å «reise tilbake i tid» når du velger overnatting, vil du glede deg over å høyre at Fretheim Hotel i Flåm er ein del av De Historiske. Hotellet har ei historie som strekker seg tilbake til 1800-tallet, og romma i den eldre, historiske delen av hotellet reflekterer dette. I tillegg til å ligg svært sentralt til i Flåm, vil du kunne kose deg med historiar frå hotellet gjennom tidene, heilt tilbake til tida då rike laksefiskarar frå England kom for å bu på gården til Christen Fretheim.

I tillegg finn du Vangsgaarden Gjestgiveri i Aurland, berre 10 minutt frå Flåm. Dette er også eit hotell med historie i veggane, og det daterer heilt tilbake til 1700-talet! Det er med andre ord nok av historiske hotell å finne i dei små bygdene langs Aurlandsfjorden.

Les min guide til overnatting i Flåm her!

#7 Spreke opplevingar i Flåm

Foretrekker du fart og spenning over rolege ettermiddagar? Eller er du ute etter ein balanse mellom adrenalin og avslapping langs fjorden? Uansett vil du glede deg over at bygda byr på spreke opplevingar for dei fleste! Fjordsafari tek deg med på eit fartsfylt eventyr på fjorden, og i dei små RIB-båtane kjem du nærare naturen langs (og i) fjorden enn du kan med fjorcruise.

I tillegg til Fjordsafari sine opplevingar på fjorden, har det kome ei ny satsing lenger opp i dalen. Flåm Zipline er blitt ein favoritt blant lokale og tilreisande, og er adrenalinkicket du ikkje visste du savna. Svev gjennom Flåmsdalen i opp til 100 kilometer i timen, langs ei 1400-meter lang zipline. Flåm har med andre ord svært mykje forskjellig å by på.

Les min guide til Flåm Zipline her (med video)!

kårdalen, flåm zipline video, norge

#8 God mat blir bedre med utsikt

Flåm har fleire gode serveringsstader, frå det lokale bakeriet (Flåm Bakeri har ferske bakervarer kvar dag) til bryggeripuben (som nevnt over). Kvar restaurant og kafe i bygda vert bedre av naturen rundt. På Flåm Marina Terrace, for eksempel, kan du nyte ein god lunsj eller middag mens du ser utover fjorden, då denne restauranten befinner seg innerst i «bukta» (omtrent 3-4 minutters gange frå stasjonsbygget). Utsikten frå Arven Restaurant på Fretheim har også flott utsikt utover bygda og fjorden gjennom glassveggen som har blitt eit kjennetegn på hotellet.

#9 Lokalkultur og (viking)historie

Det er mykje interessant historie knytt til den vetle bygda og området rundt. Flåmsbana har naturligvis prega livet i Flåm veldig, og om dette er noko som vekker interesse, kan du besøke Flåmsbanamuseet, rett ved togstasjonen. Her er det gratis inngang, og du kan reise tilbake i tid å bli kjend med bygda slik den var under byggingen av bana, samt få ein forståelse av korleis livet ved fjorden vart påvirka av byggingen, både undervegs og i ettertid.

I tillegg til dette finn du Njardarheimr Vikinglandsby berre ein kort køyretur (med buss eller bil) unna. Ved enden av Nærøyfjorden, i Gudvangen, kan du besøke ein vikinglandsby for å lære meir om den spennende historen til vikingane som levde i området. Siden fjordcruiset som går gjennom Nærøyfjorden ender i Gudvangen er det også mogleg å slå saman desse aktivitetane.

#10 Kortreiste og bærekraftige opplevingar

Er du opptatt av å reise sakte og at aktivitetane du støtter er bærekraftige? Då vil du glede deg over at det finnes mange slike aktivitetar i Aurland Kommune. Frå å støtte opp under lokale håndverkarar til å besøke gårdar og stølar for å smake på lokale ostetradisjonar, finnes det mange moglegheiter for «slow travel» i området. Les meir i denne guiden: 7 unike og bærekraftige opplevingar i Aurland.

dagens suppe, marianne bakeri og kafe

Besøk Flåm i år

Der har du 10 gode grunnar til at denne flotte bygda bør legges til lista di over plassar å besøke i år. Frå lokale matopplevingar (med fantastisk utsikt), til adrenalinfylte og spektakulære opplevingar, vil du finne noko som passar for deg. Eg har vakse opp i nabobygda Aurland, og har heile livet sett turistar strømme til området. Med god grunn.

Treng du overnatting i området? Her finn du min guide til nettopp det. Alternativt kan du sjå på kva som finnes av Airbnb-tilbod her (som ofte kan vera ein god ide dersom du reiser som familie og kanskje ynskjer å lage mat sjølv under opphaldet).

Book en ferdig pakke:

Er du ute etter den enkleste måten å reise på, uten noko styr (eller å måtte bestille 14 forskjellige billettar sjølv)? Då passer kanskje ein av desse pakkane for deg:

Les videre:

Sharing is caring!

You may also like

Leave a Comment