Home NorgeAurlandsfjorden (Flåm, Aurland, Gudvangen, Undredal) Overnatting i Flåm: Fullstendig oversikt over hotell i Flåm [Oppdatert 2021]

Overnatting i Flåm: Fullstendig oversikt over hotell i Flåm [Oppdatert 2021]

by Lisa Stentvedt
0 comment

Psst! Some links in my posts may be affiliate links, which means that I get paid a fee if you chose to purchase something through it. This doesn't cost you anything, but makes a huge difference for me! Thanks for your support!

Sharing is caring!

Eg har vokst opp i Aurland, berre 10 minutt frå ein av landets mest populære destinasjonar for tilreisande; Flåm. Dette har naturligvis ført til at eg kan ein ting eller to om området, og er full av tips til dei som no planlegger ferie til området. Flåm er ei lita bygd i enden av Aurlandsfjorden (ein arm av Sognefjorden), og der ynskjer dei velkommen til over ein million besøkande kvart år. Desse treng alle ein plass å sove, og difor tenkte eg det var på tide å sette saman ein oversikt over alt av overnatting i Flåm.

Om du er ein av mange som ser etter ein plass å bu i Flåm, bør du vite at det finnes hotell i Flåm for alle budsjett og preferansar. Naturligvis er det ei lita bygd, so det finnes ikkje hundrevis av alternativ, men nok til at du finn den overnattingen i Flåm som passer best for deg. Frå hostel/herberge til historiske hotell; du vil bli overraska over variasjonen i den vetle bygda!

Som nevnt er det ei lita bygd, og det finnes ikkje flust av overnattingsmoglegheiter. Derfor vil eg allereie no råde deg til å booke i forvegen når du har bestemt deg for overnatting i Flåm. Her kan du lese 10 grunner til å besøke Flåm!

For å hjelpe dei som planlegger tur til området har eg skrevet ein reiseguide til Flåm, Aurland og Aurlandsfjorden! Den er på 30+ sider, og omhandlar alt du treng for å planlegge den perfekte turen til området. Enn so lenge er den kun tilgjengelig på engelsk, og du finn den her!

FLÅM AND THE FJORDS: GUIDEBOOK! – $9.99

I denne artikkelen kjem eg til å gjera meir enn å berre dele ei liste over hotell og overnatting i Flåm. Eg har inkludert informasjon om kvart hotell, og linkar til booking – slik at det vert enklare for deg å bestille hotell i Flåm. Eg har og teke med mine personlege notat der det passar inn, slik at du kan få litt ekstra informasjon!

Mange vel å overnatte i Flåm som ein del av den populære Norge i eit Nøtteskall-turen. Eg har skrevet ein guide til korleis du kan gjennomføre denne ruta på eigen hand her (på engelsk).

Ikkje gløym å bli med i Facebook-gruppa mi for dei som planlegger ferie i Norge! Du finn den her.

Ikkje langt frå Flåm (10 minutt, for å vera eksakt), finn du nydelege Aurland, der eg vaks opp. Her er 6 unike og bærekraftige opplevingar i Aurland du ikkje må gå glipp av, eller du kan lese min guide til Stegastein Utsiktspunkt.

overnatting flåm, fjord utsikt fra flåm
Ser du etter overnatting i Flåm? Les vidare!

Overnatting i Flåm: Alle hotell og overnattingsmuligheitene i vakre Flåm!

Anten du besøker Flåm for å reise med den kjende Flåmsbana (ein “bucket list”-opplevelse for mange), ta eit fjord cruise gjennom Nærøyfjord (som er på UNESCO si verdsarvsliste), eller nyte den norske naturen på sitt beste, rekner eg med det er viktig for deg å finne rett plass å bu. Det er viktig å booke det perfekte hotellet (eller hostellet) for deg, spesielt om du vel å bli i området i meir enn ei natt (noko eg anbefalar). Difor håper eg at denne oversikten over overnatting i Flåm vil gi deg det du treng av informasjon, uansett om det er pris, plassering eller noko anna som er viktigast for deg når du skal booke hotell!

Flåm er ein av fleire plassar eg anbefaler å stoppe dersom du skal på bilferie i Norge.

Som nevnt over anbefaler eg på det sterkaste at du bestiller i god tid om du skal bu i Flåm. Det er begrensa med overnattingsmoglegheiter i området, samtidig som bygda er ein svært populær destinasjon for reisande frå heile verda. So fort du har bestemt deg for reisedatoar bør du bestille, då det fort vert fullt i bygda (spesielt i høgsesongen, frå juni til august).

Flåm er ein av 14 plassar du må besøke i Norge! Les om alle saman her!

Les vidare for å få ein fullstendig oversikt over overnatting i Flåm, samt linkar til booking!

Flåmsbrygga Hotell

Du finn Flåmsbrygga rett på brygga i Flåm, og ein av dei kulaste tinga ved dette hotellet (i mi meining) er at alle rom med balkong tilbyr fjord-utsikt! Då eg først fann ut om dette, fortalde eg ein venn av meg (som jobber der) at det ikkje kan vera mogleg. Då forklarte han at alle balkongane er bygd i ein vinkel, slik at det faktisk er fullt mogleg! Det er heilt genialt, i mine auge!

Rett ved Flåmsbrygga Hotell finn du Ægir; den lokale bryggeripuben. Ægir har blitt eit fast vatnhol for lokale og tilreisande, og er verdt eit besøk medan du er i Flåm. Ægir tilbyr fleire forskjellige typer øl, og har vunnet mange prisar. Lokale favoritter er IPA-en Vetlebror, Aud (og ein IPA, oppkalla etter kona til sjefsbryggaren) og Bøyla (ein blond ale).

Fleire av øltypane frå Ægir er solgt i butikkar rundt om i Norge, og ein sikker måte å finne ut av om nokon er frå Flåm eller området frå er å sjå kor gira dei vert når dei ser Ægir-øl i ein butikk i Oslo eller Bergen. Eg er sjølv skyldig i å ropa “ÆGIR!” kvar gong eg ser Bøyla eller Rallar (ein mørkare sort) ei ein butikk.

Fretheim Hotell

Fretheim Hotell er ein populær overnattingsmoglegheit i Flåm, og med god grunn. Det er ein av De Historiske – historiske hotell og restaurantar i Norge, og har ei historie som daterer tilbake til 1800-talet då det stod ein gard der hotellet står i dag. Garden tilbydde overnatting i Flåm for engelsk-menn som kom til området for å fiske i dei populære lakse-elvene i området. Desse vert fortsatt kalla “lakse-Lordar”.

I dag består Fretheim av ein vakker bygning, med ein ny og ein gammal “del”. Kvart rom i den historiske delen av hotellet har sin eigen historie å fortelle. Hotellet finn du i sentrum av Flåm, og det tilbyr ei perfekt blanding av nytt og gammalt. Dei har ein flott restaurant, og den einaste baren i Flåm som serverer cocktails. Kva med ein Espresso Martini foran peisen på kveldstid?

Flåm Ferdaminne

Flåm Ferdaminne tilbyr leiligheiter rett ved stasjonsbygget i Flåm. Om du kjem med tog (Flåmsbana, med andre ord) er dette ein flott plass å bu om du vil ha kortast mogleg veg “heim”. Dei har 4 leiligheiter tilgjengelege for korttidsleige, og alle har balkongar der du kan nyte den norske sola med ein kaffi på morgonen (eller vin på kvelden).

Kvar av dei fire leiligheitene har 2 soverom, og plass til opptil 8 personar. Difor er dei perfekte for familiar som besøker Flåm, og for dei som har planar om å lage litt av maten sjølv i løpet av ferien sin. Matbutikken i bygda (den einaste) er kun 2 minuttars gange unna.

Flåm Marina

Om du har fulgt meg på Instagram ei stund veit du at eg ofte stikk innom “Marinaen” når eg skal møte venner til lunsj i Flåm. Restauranten deira serverer god mat, i tillegg til at det er her du finn den einaste Mudslide-cocktailen i Flåm. Eller, som me lokale kallar den; “voksen-milkshake”. Den er verdt eit besøk til restauranten aleine, men du kan også booke overnattingen til Flåm Marina.

Du finn Flåm Marina ein 5-minuttars rusletur rundt bukta i Flåm, og frå både romma og restauranten kan du nyte den flotte utsikten til fjorden. Om du besøker på vinterstid er Flåm Marina i tillegg ein nydelig plass å sjå på julebelysningen i Flåm frå.

Flåm Marina, Flåm Terrace, hotell
Photo: R. Lasenbergs / Flåm Marina

Brekke Apartments

Berre 10 minutt frå sentrum av Flåm (til fots) finn du Brekke Apartments og Brekke Gard Hostel (men meir om hostellet/herberget under). Siden Flåm er ein liten plass er det ingen problem å gå hit til fots, og det er ein koselig liten tur gjennom dalen, forbi jorder og kyr. For å kome seg hit frå Flåm stasjon krysser du elva og går langs den på høgre side i om lag 10 minutt, oppover Flåmsdalen.

Mini-hus (tiny house) med fjordutsikt

Sommaren 2021 opna ei venninne av meg eit mini-hus for utleige, like ved Flåm Marina. Huset er større enn eit hotellrom, og til tross for at det er eit sokalla “tiny house” finn du alt du treng for opphaldet ditt her. Eg var so heldig å bli invitert til å overnatte her, og vakna til nydelig fjordutsikt (kaffetraktar og kaffe er selvfølgelig på plass i huset) og fuglekvitter. Frå minihuset er Flåm sentrum ein kort gåtur unna, og alle bygdas attraksjonar er i gangavstand. I huset er det ei dobbeltseng, og ein dobbel sovesofa, samt kjøkken og bad (med dusj og vaskemaskin).

Bonus: inkludert i overnattingen er ein tradisjonell norsk robåt (ein “færing”).

Flåm Hostel & Camping

Om du håper på å ha ein litt billigare norgesferie i år (det er fullt mogleg), bør du kanskje vurdere ein av hostellene i Flåm (eller campingen). Flåm Hostell og Camping finn du rett over elva frå sentrum, og dette er eit populært val for alle som vil finne overnatting i Flåm på budsjett. Her har dei og ein “food truck” om sommaren, der du kan finne ein billigare matbit. Naturligvis, om du prøver å spare peng, er Airbnb også eit alternativ. Her får du 350 kroner rabatt på din første Airbnb-booking!

Brekke Gard Hostell

Brekke Gard Hostell er eit anna budsjett-alternativ for overnatting i Flåm. Du finn denne rett ved Brekke Apartments, og begge er som nevnt berre 10 minutt å gå frå sentrum (togstasjonen og cruise-havna). Du finn med andre ord garantert overnatting for ditt budsjett i Flåm.

Overnatting NÆR Flåm

Siden Flåm er ei lita bygd, er det som nevnt ikkje utallige overnattingsmoglegheiter. Difor er det mange som fører blikket til området rundt, og ser etter plassar i nærleiken av Flåm der dei kan bu. Det finnes fleire flotte hotell og mykje god overnatting nær Flåm, og her deler eg nokre av mine favorittar. To av anbefalingane under finn du ein kort køyretur frå Flåm (fortsatt i same kommune), slik at du er nær alle aktivitetane i Flåm (og fjorden, naturligvis). Det tredje alternativet finn du langs Flåmsbana si rute, og er eit perfekt val for dei som vil ha ei roleg helg i fjellet – både om sommaren og vinteren!

Vangsgaarden Gjestgiveri, Aurland

Dette hotellet har eg skrevet om før (les alle mine tankar på engelsk her), og nokre av dykk hugser kanskje at eg jobba som resepsjonist og på puben til dette hotellet då eg var yngre. Eg har gode minner frå somrar bak resepsjonsdisken, der eg ønska reisande frå heile verda velkommen til Aurland. Aurland og Vangsgaarden ligg 10 minutt med bil frå Flåm.

Vangsgaarden er eit hotell i sentrum av Aurland (der eg vaks opp, og ein av plassane du bør reise om du skal på ferie i Norge). Her finn du oppussa hotellrom med nydelig fjordutsikt, sjarmerande hagar der du kan nyte kveldssola, ein gastropub med eit imponerande utval av lokale rettar, og rorbuer ved fjorden med plass til heile familien. Rorbuene har kjøkken, og passer for dykk som vil ta litt av matlagingen sjølv. Om du vil lande ein av rorbuene anbefaler eg at du booker ekstra tidlig. Desse vert booka so fort som eit år i forvegen!

the view, rorbu, vangsgaarden gjestgiveri, Aurland

Gudvangen Fjordtell, Gudvangen

Gjennom ein av Norges lengste tunnellar finn du Gudvangen, ei bygd som er enda mindre enn Flåm. Det tek 20 minutt å køyre hit, og turen er verdt det. Gudvangen er nemleg bygda i enden av Nærøyfjrden, og endestoppet for fjordcruiset frå Flåm. Dette er også plassen der du finn Njardarheimr – vikinglandsbyen. Her kan du møte vikingar, læra om deira kultur og levesett, samt delta i morsomme leikar og utfordringar frå vikingtida. Gudvangen Fjordtell finner du midt i bygda, og vil ta deg nær det som skjer i Njardarheimr. Det er og mogleg å reise til og frå Flåm med shuttle-buss (om du ikkje ønsker å ta båtturen fleire gonger).

Vatnahalsen Høyfjellshotell

Om du vil oppleve noko virkeleg spesielt, ta Flåmsbana til Vatnahalsen (det nest siste stoppet før Myrdal). Der finn du Vatnahalsen Høyfjellshotell. Her kan du bu nær naturen i Flåmsdalen, eit stykke vekk i frå “alle andre”. Mange vel å overnatte her i forbindelse med å sykle Rallarvegen, gå Flåmsdalen, eller prøve Flåm Zipline (som har toppstasjonen sin eit steinkast frå hotellet).

Les alt du treng å vite om Flåm Zipline (og sjå video frå opplevinga) her!

Overnatting i Flåm (og omegn)

Der har du ei full liste over overnatting i Flåm (eg har ikkje teke med Airbnb). Eg håper dette innlegget har gitt deg god oversikt over kva som finnes av alternativ, og at det no er litt lettare for deg å velge hotell når du skal bestille turen din. Om du har spørsmål (anten det gjeld dei spesifikke hotella eller området generely) må du gjerne legge att ein kommentar under!

På kartet under får du ein ide av kvar alle hotella ligg i bygda. Du kan selvfølgelig flytte eller trykke på kartet, og gå rett inn på kvart hotell du ser.

Booking.com

Sharing is caring!

You may also like