Home Blogg & Personlig 18 Ting Bare Nordmenn Forstår

18 Ting Bare Nordmenn Forstår

by Lisa Stentvedt
0 comment

Psst! Some links in my posts may be affiliate links, which means that I get paid a fee if you chose to purchase something through it. This doesn't cost you anything, but makes a huge difference for me! Thanks for your support!

Sharing is caring!

Som du sikkert veit ganske godt no (spesielt om du har vore fast lesar av bloggen min ei stund eller fulgt meg på Instagram), vaks seg opp ved Sognefjorden, nærare bestemt i Aurland. Det er ein nydeleg plass på Vestlandet, men å bu der andre kjem for å feriere, har hatt sine utfordringar. Flåm og Aurland har tusenvis av tilreisande dagleg i høgsesongen, og det er lett å skjønne kvifor turistar er så fascinerte av det vakre og spektakulære området har å by på.

Men, no er det egentleg ikkje det dette innlegget handlar om…

Gjennom alle åra eg har budd utanlands, inkludert alle reisene eg har hatt, har eg møtt mange folk og fått fleire gode vener som alle har vore veldig interesserte i å høyre meir om livet mitt i Norge og oppveksten på Vestlandet. Ting som virker heilt normale for meg, har fått andre til å sperre opp augo og gitt dei ein god latter. Nokon har stått att mållause også – som om eg var heilt gal sjølv.

Til dømes Amy, venninna mi frå Wales da eg fortalte følgjande:

Lisa: Ein gong gjekk ein elg inn i banken.
Amy: Jaha, og so?
Lisa: Nei, det skjedde på ordentleg!
Amy: …

– heilt mållaus


Ho trudde dette var starten på ein dårleg vits, men eg fortalte faktisk om noko som hende i Norge for nokre år sidan. Frå tid til annan vil du høyre ein morosam historie om ein elg i norske nyheiter (i tillegg til å sjå skilt med bilde av elg på langs vegen). Dette er, for oss nordmenn heilt normalt, medan andre kan riste på hovudet av det.

Ein dag sa Michele fra The Intrepid Guide at eg måtte skrive eit eige innlegg om desse morosame tinga ein berre kan forstå dersom ein vaks opp i Noreg, eller meir spesifikt innerst ved Sognefjorden. Dette var sist sommar, så eg tenkte at det var heilt innafor å publisere det no sjølv om det har gått ei stund. Innlegget vart originalt publisert på engelsk her.

Så, her kjem fleire ting du berre forstår dersom du vaks opp (eller bur) i Norge!

hus i lofoten, snø

18 ting du berre forstår om du har vaks opp i Norge

Du vil raskt forstå at det ikkje er vanlege tema i lista nedanfor, og eg er sikker på at du vil bli ganske overraska over nokre av punkta.

Eg vil gjerne høyre frå deg i kommentarfeltet. Kort sagt, dette er faktisk ting eg har snakka med mine venner i utlandet om – og fann då ut at dette er ting som ikkje er vanlege andre stader i det heile (utanfor Norge)! Dersom du har vore oppe i lignande situasjonar, og nevnt noko som for deg er heilt normalt, men som for andre virker heilt bak mål – legg att ein kommentar!

Håpar du synes dette er underhaldande!


#1 Russetid

Kanskje for mange det sprøaste av alt, men for oss nordmenn ein kjær tradisjon.

Eg elskar å fortelje andre om akkurat dette, om tradisjonen og kva det innebærer å vera russ. Russetid beskriv jo ein periode fra rundt 1. mai (eller nokre dagar tidlegare) og fram til 17. mai, som er nasjonaldagen vår. Gjennom desse vekene vil du finne mange 17-19-åringar som spring rundt i omtrent dei samme kleda, hovedsakeleg i raudt, men også svart eller blått. Fargane skil dei ulike studieretningane.

Når du fullfører videregåande skule, vert du russ, og uansett kva retning du tenker å gå etter videregåande skule, er russetiden ganske lik for alle. Fleire veker med fest og moro, der ein skal klare flest mulege russeknutar. Samtidig skal ein gjere sitt beste for å få eit brukbart resultat ved å fullføre siste skuleåret på vidaregåande skule.

Ei morosam tid, og noko du berre får gjort ei gong, som du ikkje finn andre stader i verda. Rett og slett sprøtt!

(Delen om russetida er naturlegvis mykje lengre i det engelske innlegget – men eg fann ut at eg ikkje treng forklare den so mykje for andre nordmenn.)


#2 Offentleg transport ved fjordane

Første gong eg fortalde mine venner frå utlandet at eg tok skulebåten heim, trudde dei at eg spøkte (igjen). Men, det var (og er) faktisk slik, at da vi vaks opp og skulle komme oss til og frå skulen som låg i ei anna bygd var det raskare og enklare å komme seg til og frå med båt. Da eg var seksten måtte dei aller fleste av oss flytte heimefrå for å gå på videregående skule, då då næraste Vgs var 1,5 time unna (med bil). Å reise med buss i staden for båt ville har teke lengre tid, inkludert ei strekning med ferje. Å ta skulebåten tok kun førti minuttar. Eit enkelt val.

Når me først snakkar om ferger, er dette noko du man også må venne seg til på vestlandet. Å reise fra Aurland, og til dømes mot Ørsta/Volda, der ei av mine beste venninner bur, må du nytte tre ferjer på turen. Mister du ei av fergene er det litt kjipt, men dei har overfart ganske ofte heldigvis.

Turen til Volda kan by på noke av det flottaste av norsk naturlandskap, forresten!

Om du planlegg ein tur rundt fjordane, og er nysgjerrig på korleis du skal reise rundt, ikkje gå glipp av mine skreddersydde reiseruter for Norge (pt på engelsk)!


#3 Tunneller

Ein anna ting som er ganske typisk i Norge, og då spesielt på Vestlandet, er tunneller!

Du finn dei over heile landet, og nokre av dei (som er ganske imponerande) finn du også i storbyane, som til dømes Operatunnellen, som går under deler av Oslo. Nokre tunnellar har til og med rundkøyringar inni (dette kan du oppleve om du køyrer i Hardanger-området).

Norge har jo mange fjell, og når ein ikkje kan komme seg rundt eller over desse, har det blitt til at me reiser gjennom dei. Me har ekstremt mange tunnellar, sett frå eit utanforståande perspektiv. I 2018 var det registrert cirka 800 kilometer med tunnellar i Norge, og no er det garantert mykje meir.

Som nemnt finnes veldig mange av desse på Vestlandet (i fylket der eg vaks opp). Til dømes, når ein skal reise fra Flåm til Bergen, må du køyre i gjennom heile 35 tunnellar i løpet av ein 2,5-timars køyretur.

Dei aller fleste tunnellane tok fleire år å bygge, og nokre stader fekk ein ikkje vegforbindelse før ganske seint. Gudvangatunellen, som forbinder Aurland Kommune med Voss og Bergen vart til dømes ikkje bygd før i 1991. Før den tid måtte ein komme seg mot Bergen på andre måtar, og køyre mykje lengre. Lærdalstunnellen, som binder bygda Aurland og Lærdal saman åpna i år 2000. Dette tek oss vidare til neste punkt på lista mi.


#4 Dialekter (og målføre som er svært annleis det i nabobygda)

Nabobygda til Aurland heiter Lærdal, og tunnellen som eg allerede har fortalt om er ein av verdens lengste og er på heile 24,5 kilometer. Det tek cirka 20 minuttar å komme seg gjennom den. Alternativet er å køyre over fjellet, men om vinteren er denne vegen dekka av så mykje snø at det ikkje er mogleg å brøyte den (de har kanskje høyrd om Snøvegen?). Denne vegen er kun åpen om våren og sommaren.

Det betyr at før i tida måtte ein reise med båt for å kunne nå Lærdal om vinteren. Når du reiser mellom bygdene i dag, vil du legge merke til at me snakkar ganske anleis frå kvarandre, og denne adskillelsen er hovudgrunnen til dette. Sjølv om me geografisk er ganske nær kvarandre, har språket aldri fått moglegheiten til å påvirke kvarandre. Det er nok ganske likt for mange andre stader i Norge, som først har fått forbindelse mellom bygdene i seinare tid.


#5 Gatenavn som berre nordmenn kan uttale

Fun fact: bygda mi fekk ikkje gatenamn før eg gjekk på videregåande. Gatenamnet mi gate fekk til slutt, er såpass rart at dei fleste andre slit med å både stave det og uttale det. Ryggjakyrkja. I åra siden har eg fått brev og postkort frå venninner i utlandet, og har sett mange morosame stavingar av gatenavnet. Uansett kjem posten alltid fram, og det kan ha noko med at me klarte oss so lenge uten gatenavn!

Andre litt vanskelege gatanamn finn du i til dømes Oslo: Erlings Skjagssonsgate nær Zahlkasserer Schafts plass (prøv å sei dette raskt fem gonger, eller sjå for deg at du skal sei dette til drosjesjåføren ein sein laurdags kveld). I Porsanger har du Pissvasshøgdavegen, og i Kristiansund finn du faktisk ei gate som heiter Bedringens vei. I Stavanger finn du blant anna Pølsesvingen.

Veit du om nokre morsomme gatenavn? Legg dei att i ein kommentar!


#6 Norsk jul

Askepott på tsjekkisk, med norsk dubbing. Mandel i grauten, og marsipangrisar.

Dette er nokre av tradisjonane me elskar, og eg kan ikkje hugse ei jul utan dette (med mindre eg har feira i utlandet). Vi har vakse opp med å sjå den samme gamle tsjekkiske versjonen av Askepott, og me gjer det framleis. Foreldra våre serverer risengrynsgraut med ein mandel gøymd i grauten. Den som finn mandelen vinn ein marsipangris (den beste premien nokonsinne, sjølvsagt).

For alle andre enn oss nordmenn høyres dette kanskje ut som svært merkelege tradisjonar, og eg forstår det godt. Kor kom grisen frå? Og kvifor er den marsipan?


#7 Brøytestikker

Alle som snakker norsk veit kva dette er, men dette har ikkje vore heilt lett å forklare venner fra utlandet – det finnes ikkje eit godt engelsk ord for dette. Eg har aldri tenkt på at vegane våre om vinteren (spesielt på fjellet) har brøytestikker, ikkje før eg var på biltur til Lofoten med Michele og forklarte ho at brøytestikkene fjernes om kvar sommar. Ho forstod ikkje kvifor me ikkje berre lot dei stå heile året, og for å vera heilt ærleg, forstår eg det ikkje sjølv.


#8 Janteloven

Denne er egentleg så dum at eg ikkje veit om eg vil bruke tid på å skrive for mykje om den. Likevel er det greit å nemne litt om den for at ein skal forstå seg på oss nordmenn, og det er definitivt noko ein kjenner til dersom ein har vakse opp i Norge (eller Skandinavia). Heilt enkelt handlar det om ein viss adferd du skal ha (eller ikkje skal ha), som har påvirka dei sosiale normene i Norge enormt. Janteloven var skrevet som ein del av ein roman i 1933, og ifølge Wikipedia var det ein «adferdsnorm». Den går slik:

  • Du skal ikkje tru at du er noko spesielt
  • Du skal ikkje tru at du er så god som me er
  • Du skal ikkje tru at du er smartare enn me er
  • Du skal ikkje overbevise deg sjølv om at du er bedre enn me er.
  • Du skal ikkje tru at du veit noko meir enn oss.
  • Du skal ikkje tru at du er viktigare enn me er.
  • Du skal ikkje tru at du er god til noko.
  • Du skal ikkje le av oss.
  • Du skal ikkje tru at nokon bryr seg om deg
  • Du skal ikkje tru at du kan lære oss noko.

Sjå for deg at du veks opp med dette ganske så inngrodd i samfunnet. Det er ikkje rart at me nordmenn ikkje likar å skryte så mykje.

I utgangspunktet handlar Janteloven om at du ikkje skal briljere over noko, ikkje skryte eller tru at du er betre enn nokon andre. Dette er mykje av grunnen til at eg har jobba hardt med eigen tankegang rundt dette å skulle prestere og dele av meg sjølv som reisebloggar på heiltid. Eg kan fortsatt verte flau og eg synes det kan være vanskeleg å fortelle folk at eg lever draumen min, og eg er ofte redd for å virke stolt over kva eg har fått til.


#9 Snødagar

Eg må innrømme at dette punktet egentlig er litt omvendt… Det handler faktisk om noko me som nordmenn forstår, men som me ikkje har i Norge.

Då eg studerte i utlandet, nærare bestemt i Wales, vakna eg ein vanleg vinterdag for å gå på skulen. Eg fann vertsbrødrene mine jublande og springande rundt på kjøkkenet då eg kom ut av rommet mitt, etter at dei hadde høyrt på radioen at skulen var stengt – det var ein såkalla «snødag». Eg såg ut av vindauget, og det var om lag to centimeter med snø..

Eg hugsa at eg alltid vart glad da eg vakna til snø utanfor då eg var liten. Ikkje fordi skulane i Norge stengte, men fordi eg og bror min kunne bruke akebrett til skulen (då det berre var nedoverbakke til skulen, litt verre var det når ein skulle heim).

Så spoler me fram att litt, til då eg studerte jus i London. Eg opplevde at forelesningar vart avlyst fordi ein av professorane hevda å vere «snødd inne» etter det hadde komme så mykje snø over natta.. Sjå for deg at me skulle sleppe alt me har i hendene, stengte skular og avlyse planar i dèt det starta i snø i Norge. Landet vårt ville over lengre periodar altså ikkje fungert. Så «snødagar» er heldigvis noko me ikkje har i Norge.


#10 Å lære å gå på ski i bånd (eller mellom beina til foreldra dine)

Det seiest at nordmenn er «født med ski på beina», eit ordtak som betyr at me starter ganske tidleg å gå på ski. Omtrentleg rundt tre-fire-årsalderen. Med mindre du har eit stort uteområde på eigedomen (som søstera mi i Sogndal), kan du ikkje sleppe ein fireåring på ski ned ein liten bakke ved huset ditt. Nordmenn sørger difor ofte for å oppsøke fjellheimen, og gjerne eit skitrekk, for å lære sine håpefulle små å gå eller stå nedover på ski. Mange foreldre kjenner seg nok igjen når eg seier at dei lærer ungen sin å gå på ski med å ha dei mellom beina, eller ved å ha dei i ein sele.

Slikt bringer fram gode minner for dei fleste nordmenn, men dei fleste eg har fortalt dette til i utlandet har ikkje heilt skjønt korleis det er mogleg.


#11 Å ikkje snakke med andre

Nordmenn er mesterar til å ikkje snakke med kvarandre i større forsamlingar. Ein nordmann som går om bord i ein buss vil sjeldent ha lyst til å sette seg i lag med nokon andre på ein toseter. Dette gjer ein kun hvis det ikkje er andre plassar å sitte i bussen. Vi tenker at det er noko alvorleg gale med deg om bussen er heilt tom ellers, og du velger å sette deg på ein toseter i lag med nokon du ikkje kjenner – personen som gjer noko slikt er ganske sikkert ein psykopat.

Og hvis ein først må sitte ved siden av nokon andre, så skal eg love deg at det er total stillheit resten av turen. Ein får kanskje eit hyggelig lite nikk, som betyr «hei, hyggeleg å sitte her, men nei takk til prat». Me har også ein heilt eigen evne til å varsle sidemannen om at me skal gå av (hvis me sitt innerst), utan å sei eit einaste ord. Det er ganske fascinerande for folk som besøker Norge, men også for meg, når eg tenker over det.

geit i flåmsdalen, norge
DCIM\107GOPRO\G0401917.JPG


#12 Å bygge eigne hus for postkasser og bossdunkar

Om du har vore i Norge, har du kanskje sett små hus framfor folk sine store hus? Vel, desse små husa inneheld bosspann og postkassar. Dette er noko eg aldri har tenkt mykje over, men har innsett at er veldig uvanleg i alle andre land. Det har liksom vorte ei greie i Norge. Me fann vel sikkert ut at dette var ein god idè då vèret kan vere ganske hardt om hausten og vinteren. Når det bles kraftig, må ein jo ut å feste fast både bosspann og andre ting som kan fly avgårde i vinden, så ei løysing med eigne små hus til dette er jo aldeles ikkje dumt.


#13 Vegstengingar (uansett grunn)

Om du har vakse opp på Vestlandet, veit du at vegar og tunnellar kan verte stengde – og det ganske ofte. Me har både jordras, snøras, tunnellbrannar, vegarbeid, storm, snø, flom osv. Det er utallege grunnar til at vegar og tunnellar vert stengde, og noko ein alltid må vere litt forberedt på. Om du er på biltur i Norge bør du følge jamnleg med på vegmeldingar på nettet – hjå Vegvesenet.

Om du skal på bilferie i Norge bør du lese dette innlegget: dei beste 7 plassane å stoppe på biltur i Norge!


#14 Lysløyper

Dei aller fleste av oss elskar altså å gå og stå på ski (dei andre elskar after-ski, so på ein eller anna måte havner me alltid på fjellet i påsken). Me elskar det soppass mykje at me har eigne løyper med gatelys slik at me kan bruke dei når det er mørkt. Om vinteren vert det naturligvis mørkt ganske tidlig på dagen, og desse lysløypene bidreg til at me alltid kan gå på ski – uansett klokkeslett. Heilt normalt for oss nordmenn, men ganske merkeleg for alle andre.


#15 Lange sommardagar (og kveldar og netter)

Uansett kor i Norge du har vakse opp, så har du blitt vant med at lyset er ganske ulikt fra vinter til sommar. I nord kan du sjå midnattssola om sommaren, men du kan også oppleve ganske mørklagte landskap om vinteren, med berre få timar med lys.

I Aurland har med cirka tre månadar utan sollys på huset vårt, fra november til februar. Men, om sommaren er det fantastisk her med masse sol, og lys nesten heile døgnet!

Det er egentleg ingenting som slår ein norsk sommar. Ved fjorden har med nesten tjuefire timar med dagslys, utanom litt skumring ved tretida om natta. Det er ei fantastisk tid på året. Ein treng mindre søvn, og alle er normalt meir glade.

Norsk sommar meiner eg at alle som kjem frå utlandet bør oppleve.


#16 Turbøker

Me nordmenn elskar å gå på tur, og gjerne opp til ein fjelltopp for å nyte nydeleg utsikt. Me er ekte fjellgeiter! Det er veldig populært med fot- og fjellturar landet over, og mange brukar helger og fridagar på å gå på tur. Om du går opp til ein fjelltopp, finn du ikkje berre nydeleg utsikt og nydeleg landskap, du finn kanskje også ein postkasse med ei turbok oppi. Uansett om du har vore der mange gonger før, skriver me oss inn i boka for å vise at me har vore der.

Og om ein ikkje har skrive seg inn der – har ein verkeleg vore der?

Dette er noko som er så naturleg som å puste for oss – du finn alltid turboka, og må alltid skrive deg inn. Mange vil og bla tilbake nokre sider og sei til turkameraten at «sjå, Ingrid var her i går!». Dette er noko heilt unikt for Norge, som eg ikkje har høyrt om nokon anna plass i verda.

Sjå video frå ein av mine favoritt-turar på Vestlandet her – ein 2 timars fottur til Stegastein Utsiktspunkt:


#17 Påskekrim

Det er ikkje så vanskeleg å forklare på norsk at me nordmenn elskar å sjå på krim i påsken. Dette er mange kjende med. Ikkje berre ser me på krim på TV, men me les også fleire krimbøker i påsken enn resten av året. Det er som om fleire av oss vert krimdetektivar med ei gong påskeferien startar. Ein klassikar er Poirot på TV, og me har til og med krimgåter som må løysast på melkekartongane. Det er som om me vert ein heil nasjon med Sherlock Holmes eller Poirot so fort det nærmar seg april, og dette kan framstå som svært spesielt for utanforstående..


#18 Hytter

Å ha ei hytte på fjellet er vel alle nordmenn sin ultimate draum?

Om du ikkje reiser på tur, eller ikkje har hytte å reise til i påsken, er du ordentleg norsk? Eg berre spør. Nordmenn bygger fortsatt hytter i ein stil slik at dei skal sjå gamle ut, gjerne med kraftig tømmer. Hyttene har både vatn, toalett og wifi, men utanpå ser det ut som om den vart bygd av beste- eller oldeforeldrene dine for lenge sidan.

Hyttekulturen i Norge har eg gang på gang prøvd å forklare for venner i England og Wales, men den er virkeleg noko ein må oppleve sjølv. Ingenting er som å ta med seg Kvikk Lunsj og pølser på termos, for å sitte å fryse rundt eit bål, før ein går inn for å spele Vri-åtter foran peisen når ein endeleg har fått nok.

hyttekultur i norge

Det var lista mi over typiske norske ting som du kanskje berre kan forstå dersom du er norsk sjølv, og/eller har vakse opp i Norge. Når eg har opplevd andre stader og andre kulturar, og møtt folk frå alle mulige hjørner av verden og sjølv delt historiar frå mi eiga oppvekst, så har eg faktisk skjønt kor unike desse typiske norske tinga er.

Du kjente sikkert til dei fleste, men har kanskje ikkje tenkt over det so ofte? Folk frå utlandet synes i alle fall at me er litt rare, men dei er fascinerte samtidig. Legg gjerne att ein kommentar under med kva du tenker om innlegget, og om det er noko du ville ha lagt til!

Sharing is caring!

You may also like

Leave a Comment