Home Reisetips og PlanleggingReiseguide og Mine Beste Tips: Universal Orlando og Wizarding World [Florida]

Reiseguide og Mine Beste Tips: Universal Orlando og Wizarding World [Florida]

by Lisa
Some links in my posts may be affiliate links, which means that I get paid a fee if you purchase something through it. This won't cost you anything, but makes a huge difference for me! Thanks for your support!

I Universal Studios Orlando finn du ein heilt magisk plass. Nemleg the Wizarding World of Harry Potter. Her kan du besøke Galtvang og Diagonallmenningen (eller, Hogsmeade og Diagon Alley, som dei heiter på engelsk), kjøpe tryllestav, drikke smørterøl (butterbeer), og leve nokre timer som om du var heks eller trollmann. Eg har sjølv budd i Orlando (då eg jobba i Disney World), og har vore tilbake fleire gonger siden den tid. Då eg var i Universal no nylig, fann eg ut at det var på tide eg skreiv ein liten reiseguide til å besøke parken, og viktigst av alt, til å besøke trollmansverdenen.

Eg har vore Harry Potter-fan siden eg var 11 år og fekk mi første bok. Deretter las eg bøkene nesten årlig, og vaks opp i takt med Harry, Ronny og Hermine. Harry Potter-serien har vore ein stor del av barndommen min, og har no ein eigen plass i hjartet mitt. Eg sørger difor alltid for å besøke Universal og Wizarding World når eg er i Orlando, sjølv om Disney World som oftast er hovudfokuset mitt når eg reiser. Det var tross alt der eg jobba i eit heilt år som Cultural Representative i den norske paviljongen i Epcot.

a plastic cup of butterbeer in the foreground, and a crowd walking through an old-fashioned looking street in the background, "the wizarding world of harry potter" is written on the cup

Om Universal Orlando

Universal Orlando Resort er eit fornøyelsesområde som består av to parker, eit badeland og fleire hotell/resorts. Dei to parkane er Universal Studios og Islands of Adventure. Parkane og området vert som oftast berre referert til som “Universal”, og det kjem eg til å gjere i denne guiden og. Universal Studios er meir film-basert, mens Islands of Adventure dekker fleire tematiske “eventyrland”.

Universal vert ofte sett på som den litt meir voksne parken, når samanlikna med Disney World. Parkane har fleire store berg- og dalbaner, som for eksempel the Incredible Hulk Coaster, Rip Ride Rock It og den nye VelociCoaster’en i Jurrasic Park-området. Berg- og dalbanene er mykje meir intense enn dei fleste av dei du finn i Disney World (med unntak av Everest, Rock ‘n’ Rollercoaster og den nye Guardians of the Galaxy: Cosmic Rewind), og det er tydelig at Universal har eit sterkt fokus på dei som er litt eldre.

Blant dei mest kjende berg- og dalbanene i Universal er dei tre som er nevnt over, men dei har også fleire kjente områder, som fokuserer på kvart sitt tema (det er her Wizarding World faller inn). Andre rides og attraksjonar som er verdt å nevne (utenom Wizarding World) er:

  • Revenge of the Mummy (imponerende innendørs berg- og dalbane)
  • Fast and Furious – Supercharged (ein av mine favoritter)
  • Race Through New York Starring Jimmy Fallon
  • Transformers: The Ride – 3D (ein av dei første 3D-ridene eg tok, og eg hugser eg vart svært imponert over korleis dei hadde fått dette til)
  • The Amazing Adventures of Spiderman
  • Despicable Me Minion Mayhem
  • The Bourne Stuntacular (eit kjempekult stunt show du ikkje må gå glipp av)
green rollercoaster with two loops over a lake
The Incredible Hulk Coaster

Områder og tema i Universal

Blant områdene du finn i Universal er selvfølgelig Harry Potter-området, som strekk seg over dei to parkane Universal Studios og Islands of Adventure. Under deler eg meir informasjon om Wizarding World, samt mine beste tips for å få det meste ut av tida di der!

I tillegg til Wizarding World, finn du fleire spennande “verdener” i Universal:

  • Jurassic World: Her er det (naturligvis) Jurassic Park som er fokuset, og du føler nesten du har gått inn på settet i filmen. Den intense berg- og dalbana VelociCoaster finn du her, i tillegg til Jurassic Park River Adventure, som starter som ein rolig båttur, og ender i ein svært langt (og bratt) nedoverbakke. På denne vert du garantert våt.
  • Toon Lagoon: Her føles det som om du går rett inn i ein tegneserie, med koselige butikker, cafeer og aktiviteter for dei minste.
  • Seuss Landing: Universal har einerett på karakterene og fortellingene av Dr. Seuss, og her kan barna få boltre seg i fargerike omgivelser. Her kan du og møte karakterer som Grinchen og the Cat in the Hat.
  • Springfield – Home of the Simpsons: Simpsons fans vil kose seg stort i denne delen av parken, der Homer, Marge og dei andre føler seg som heime.

Dette er kun eit utvalg av dei temabaserte områdene i Universal. I tillegg kan du rusle gjennom Hollywood og New York, der gatene kjem til live med gatemusikanter (i New York), og popkultur-ikon som Betty Boop og Marilyn Monroe (på Hollywood Boulevard, selvfølgelig).

a set in universal studios orlando that looks like new york
“Chicago” i Universal Studios Orlando. Rundt hjørnet dukker plutselig the Blues Brothers opp.

Mine Beste Universal-Tips: Korleis få mest ut av dagen?

Universal Studios og Islands of Adventure er begge store parkar, med mykje å gjere for dei aller fleste. Difor er det ideelt å ha 1 dag per park, samt å ha muligheiten til “Park hopping”. Park hopping betyr at man har tilgang til begge parkene på same dag, og gjer at du kan gå frå park til park dersom du ønsker.

Obs: Dersom du ønsker å reise med Galtvortekspressen (the Hogwarts Express) i Wizarding World du ha billett til begge parkene. Dette vert sjekka før du går ombord.

Her er mine beste tips for å få det meste ut av dagen(e) i Universal:

  • Om du berre har ein dag, anbefaler eg deg å kjøpe Express Pass. Med dette kan du gå i ein eigen kø for dei aller fleste rides (det er 2-3 rides/attraksjoner som ikkje er inkludert i Express Pass). Med eit slikt pass, vil ventetiden bli ca. halvvert. Dersom du kun har ein dag er dette meir enn verdt det, for å rekke over so mykje som mogleg.
  • Dei aller fleste starter dagen sin i ved inngangen av Universal Studios-parken, og jobber seg bakover til Harry Potter-delen (Wizarding World er “bakerst” i både Universal Studios og Islands of Adventure). Deretter blir mange i Wizarding World resten av dagen, før dei reiser over til Islands of Adventure med Galtvortekspressen. Dersom du vil unngå dei verste folkemengdene, anbefaler eg deg å gå først til Wizarding World, og so jobbe deg tilbake mot inngangen av parken gjennom dagen.
  • Sjekk alltid åpningstidene til begge parkene for den dagen/dei dagane du skal reise. Universal setter frå tid til anna opp events på kveldstid, som for eksempel Halloween Horror Nights om høsten (Universal sin svært kjente skrekk-event, der du kan forvente zombier, øksemordere og karakterer frå skrekkfilmer som jakter rundt på deg). Slike events påvirker åpningstidene kraftig. Under Halloween Horror Nights-tida, for eksempel, stenger ofte Universal Studios so tidlig som 17:00, mens Islands of Adventure er åpent til 21:00. Om du er klar over dette før du kjem, kan du bedre planlegge besøket.
  • Pakk so kompakt som mulig. Dei aller fleste av Universal sine attraksjonar er ganske intense, og det er difor ikkje lov til å ta med seg ryggsekker eller lignende med på berg- og dalbaner eller rides. Universal tilbyr heldigvis gratis skap ved inngangen/utgangen til dei fleste attraksjonar, men det går med mykje tid til å låse inn og ut tinga sine frå desse skapene. Spesielt når det er lange køer og mange som skal hente sekken sin. Dersom du klarer, prøv å ha alt du treng i lommene dine (gjerne med glidelås). Då sparer du tid, og treng ikkje legge frå deg tinga dine.
  • Kjøp billett på forhånd, for å sleppe billettkø og for å kunne gå rett inn i parken når du kjem.
  • Gjer litt research før du reiser. Du er allereie i god gang ved å lese dette innlegget. Lag deg ei liste over “must do” attraksjoner, butikker og mat, slik at du veit kva du skal prioritere når du kjem i parken.

Billetter

Om du er ute etter billetter til Universal, anbefaler eg sterkt å kjøpe desse på forhånd. I tillegg til at parkene frå tid til anna kan bli utsolgt (spesielt etter pandemien, då kapasiteten ikkje er tilbake til 100% enno), er det billigare å kjøpe på nett. Dei dyraste billettane er dei du kjøper i luka på veg inn i parken.

Finn billetter til Universal under (inkluderer Wizarding World of Harry Potter):

The Wizarding World of Harry Potter

Over til det viktigste: The Wizarding World of Harry Potter. Dette er den aller beste og viktigste grunnen til å besøke Universal Orlando (etter min meining). For å vera heilt ærlig kunne eg ha brukt ein heil dag i Wizarding World, uten å besøke dei andre områdene eller attraksjonane i dei to parkane.

Som nevnt tidligere finnes the Wizarding World i begge parkene; det vil sei både i Universal Studios og i Islands of Adventure. Dette fungerer både som ein smart måte for Universal å tjene meir penger på (siden du må kjøpe billett til begge parkene for å besøke alt av trollmannsverdenen), samtidig som det gjer at opplevelsen føles meir autentisk. Galtvang og Diagonallmenningen er tross alt ikkje på same plass i Harry Potter-bøkene eller filmane, so det gir meining å måtte reise mellom dei to.

Kva er Wizarding World i Universal Orlando?

Wizarding World består av to hovedområder, i kvar sin park. I Universal Studios finn du Diagon Alley (Diagonallmenningen), i tillegg til utsiden av Grimolds Plass (Grimauld’s Place), Charing Cross Road og King’s Cross Station. Dei tre sistnevnte er veldig små områder, og består kun av fasader (men ikkje uten detaljer – for eksempel stikker husnissen Krynkel (Creacher) av og til nesa si ut fra bak gardina i Grimolds Plass 12). Her finn du og den tre-etasjers Fnattbussen, og til visse klokkeslett kan du møte konduktøren og sjåføren (det krympede hodet med Jamaicansk dialekt).

Bak fasaden av Charing Cross Road havner du plutselig i trollmannsvirrvarret inne i Diagonallmenningen, den kjente trollmannsgata midt i London. Her finnes det mykje morro, som eg har beskrevet meir i detalj under. “Inne på” King’s Cross Station finn du Galtvortekspressen, som tek deg til den andre parken og den andre delen av Wizarding World: Hogsmeade (Galtvang) i Islands of Adventure.

Galtvang er landsbyen som ligg i gangavstand til Galtvort Høyere Skole for Hekseri og Trolldom (Hogwarts), og også skulen finn du i denne delen av parken. Som i Diagonallmenningen, finn du her mykje å gjere, frå spisesteder til butikker, og selvfølgelig attraksjoner.

Platform 9 3/4 in Universal studios, suitcases and an owl in the foreground
Plattform 9 3/4

Det aller beste med både Diagonallmenningen og Galtvang, er berre å vere der. Universal har fått til noko heilt unikt ved å skape denne “verdenen”, og virkelig vekka følelsen av bøkene og filmene til live. Gjennom god branding, gjennomførte kulisser og mange spennende detaljer (eg trur ikkje eg sjølv har opplevd alt, sjølv etter 1 år med besøk), klarer dei å transportere deg inn i ein magisk verden av trollmenn og gomper.

Sørg difor for å sette av tid til å slappe av i parken. Kjøp deg ein smørterøl (Butterbeer) på Galthodet (the Hog’s Head) eller ein av stands-ene dei har i Galtvang, og sett deg i sola og nyt synet av Galtvort. Bruk god tid i alle butikkene – dei sel nemlig ikkje alt det same! Dette er kanskje mitt beste tips: slapp av og legg merke til at Wizarding World er mykje meir enn “berre” rides og attraksjonar.

Attraksjoner i Wizarding World of Harry Potter

Som du forstår er det svært mykje å sjå og gjere i Harry Potters verden, men under finn du ein oversikt over dei beste og mest populære attraksjonane. Om du er ute etter å krysse alle desse av lista di, anbefaler eg deg å kome tidlig til parken og stille deg i kø med ei gong (Express Pass er også verdt å skaffe seg), då det fort kan bli ganske lang kø (opp i mot, og over, 2 timer på det travleste).

  • Harry Potter and the Escape from Gringotts. I Diagonallmenningen/Diagon Alley (Universal Studios.
  • Harry Potter and the Forbidden Journey. I Galtvang/Hogsmeade (Islands of Adventure).
  • Hagrid’s Magical Creatures Motorbike Adventure. I Galtvang/Hogsmeade (Islands of Adventure).
  • Flight of the Hippogriff. I Galtvang/Hogsmeade (Islands of Adventure).
  • The Hogwards Express. I begge parker (toget går mellom Galtvang og King’s Cross ved Diagonallmenningen). Obs! Du må ha billett til begge parkene for å ta Galtvortekspressen.
a fairy-tale castle perched on top of a mountain, with round towers and rotundas

Mat og drikke i Wizarding World

I tillegg til attraksjonane over finnes det muligheiter for å spise og drikke i både Galtvang og Diagonallmenningen. I motsetning til Disney er ikkje Universal like strenge når det kjem til alkohol, og både hos Galthodet (the Hog’s Head) og Den Lekke Heksekjel (the Leaky Cauldron) kan du kjøpe trollmannsøl og Ildwhiskey (Fire Whiskey).

Ildwhiskey er verdt å smake på, men min største anbefaling er selvfølgelig smørterøl (Butterbeer). Denne kommer både i frozen og vanlig variant, og alle har sin favoritt (personlig synes eg vanlig er bedre enn frozen butterbeer). På dei sjeldne kveldene det blir kjølig i Orlando serverer dei den også varm!

Her får du ein oversikt over dei forskjellige plassane å kjøpe mat og drikke i Harry Potters Verden:

  • The Three Broomsticks. Galtvang/Hogsmeade (Islands of Adventure). Her får du kjøpt typisk Britisk lunsj og middag, som Shepherd’s Pie og Fish and Chips.
  • The Hog’s Head. Galtvang/Hogsmeade (Islands of Adventure). Rett ved siden av de Tre Sopelimer, og den “tilhøyrende baren”, på ein måte. Smørterøl, Ildwhiskey og øl finner du her.
  • The Leaky Cauldron. Diagonallmenningen (Universal Studios). Diagonallmenningen sitt svar på Three Broomsticks. Mykje lik mat og drikke her.
  • The Fountain of Fair Fortune. Diagonallmenningen (Universal Studios). Ein liten “drop in” bar i Diagonallmenningen, perfekt for ein rask smørterøl eller brus.
  • Eternelle’s Elixir of Refreshment. Diagonallmenningen (Universal Studios). Dette er ein slags “stand” i midten av Diagonallmenningen, som serverer interessante eliksirer. Nordmenn vil gjenkjenne dette som vanlig saft, men det er stas for amerikanere å kunne blande sjølv.
  • Florean Fortesque’s Ice-Cream Parlour. Diagonallmenningen (Universal Studios). Kjent som isbaren der Harry brukte mykje av sommaren sin i tredje bok, og ein perfekt plass for ein is i varmen. Den store favoritten er smørterøl-isen.

Butikker og shopping i Wizarding World

Kanskje noko av det kjekkaste i Wizarding World: shoppingen. Her kan du handle som Harry Potter og vennene i Diagonallmenningen, besøke Wiltersen’s Wærste (Weasleys’ Wizard Wheezes), og selvfølgelig sikle over godteriet hos Honeydukes i Galtvang.

Det som er aller kjekkast med butikkene er at alle følger temaet sitt, og at du ikkje nødvendigvis finn det same over alt (noko som ofte er typisk for lignende merchandise-butikker i andre parker). Dersom du er ute etter ting med “dark arts”-tema, må du gå ned ei sidegate frå Diagonallmenningen til mørke Nocturn Alley (ja, det er Spindelsmuget) og den skumle butikken Borgia og Brust (Borgin and Burkes). Hos Madam Malkin’s finn du, som alle andre Galtvort-elever, alt du treng av klær (og kan bli overraska av at speilet snakker til deg mens du prøver klær), medan hos Olivanders er plassen å kjøpe tryllestaven din.

Under finn du ein oversikt over alle butikkane og shoppingmoglegheitene i Harry Potters verden i Universal:

  • Olivanders Wand Shop (tryllestaver, og eit interaktivt show der ein tilfeldig person vert valgt ut til å “teste” tryllestaver”). Finnes både i Galtvang (Islands of Adventure) og Diagonallmenningen (Universal Studios).
  • Wands by Gregorovitch (også tryllestaver). Finnes i Diagonallmenngingen (Universal Studios).
  • Weasleys’ Wizard Wheezes (morrobutikk). I Diagonallmenningen (Universal Studios).
  • Gringott’s Money Exchange (her kan du veksle dollar til trollmannspenger, som kan brukes i Diagonallmenningen og Galtvang). I Diagonallmenningen (Universal Studios).
  • Honeydukes (godtebutikk, perfekt for å kjøpe Allsmaksbønner og Sjokoladefrosker). I Galtvang (Islands of Adventure).
  • Borgin and Burkes (butikk med fokus på dødsetere, Voldemort og the Dark Arts). I Diagonallmenningen (Universal Studios).
  • Dervish and Banges (butikk med rumpeldunk-tilbehør og klær). I Galtvang (Islands of Adventure).
  • Filch’s Emporium of Confiscated Goods (ein morsom butikk med “litt av alt” som Vaktmester Nask har konfiskert gjennom åra, som du finn rett under Galtvort). I Galtvang (Islands of Adventure).
  • Globus Mundi (min favoritt: ein butikk som sel reisetilbehør). I Diagonallmenningen (Universal Studios).
  • Madam Malkin’s Robes for All Occasions (klesbutikk). I Diagonallmenningen (Universal Studios).
  • Magical Menagerie (“dyrebutikk”). I Diagonallmenningen (Universal Studios).
  • Owl Post (“dyrebutikk” og bokhandel med bøker og papirartikler). I Galtvang (Islands of Adventure).
  • Quality Quidditch Supplies (sportsbutikk med Rumpeldunk-merch). I Diagonallmenningen (Universal Studios).
  • Scribbulus (bokhandel med bøker, papirartikler, bokmerker og meir). I Diagonallmenningen (Universal Studios).
  • Shutterbutton’s (godtebutikk og bakeri). I Diagonallmenningen (Universal Studios).
  • Sugarplum’s Sweet Shop (godtebutikk). I Diagonallmenningen (Universal Studios).
  • Wiseacre’s Wizarding Equipment (stor butikk med litt av alt). I Diagonallmenningen (Universal Studios).
narrow rooftops with fake snow on them, blue sky in background

Tips til å besøke Wizarding World

  • For å virkelig oppleve Wizarding World anbefaler eg sterkt å kjøpe billetter til begge parkane (både Universal Studios og Islands of Adventure), samt å investere i Express Pass. Køene kan fort bli lange, og det er også kø for å ta Galtvortekspressen (sjølv om denne teknisk sett er eit transportmiddel for å komme mellom parkene).
  • Ta Galtvortekspressen begge veger. “Handlinga” er forskjellig, og turen mellom King’s Cross og Galtvang er ein anna opplevelse enn turen tilbake.
  • Følg med på køene i appen gjennom dagen. Last ned Universal-appen, og sjekk den jevnlig for å følge med på kor lang ventetid det er for dei forskjellige attraksjonane. Dette inkluderer Galtvortekspressen.
  • Sett av tid til å berre vera i Diagonallmenningen og Galtvang. Ikkje berre spring rundt for å ta berg- og dalbaner, men nyt følelsen av å virkelig vera i denne magiske verdenen. Bok- og filmfans spesielt vil kjenne på kor magisk dette faktisk er.
  • Dragen over Flirgott (Gringotts) spruter ild omtrent kvart 10. minutt! Du vil høyre at det kjem litt “rumling” og høge lydar frå dragen i ca. 20-30 sekund før den gjer eit kjempebrøl og spruter ekte ild ut over folkemengden. Det er eit ganske kult syn!
  • “Eliksirene” servert hos Eternelle’s Elixir of Refreshment er berre saft i forskjellige farger. Det er eit morsomt konsept, der du må kjøpe “gjellegressvatn” (Gillywater) og eliksir (på ein liten flaske, i forskjellige farger) og blande dette sjølv, men nordmenn gjennomskuer dette med ei gong som vanlig saft. Ikkje akkurat det man ønsker å bruke 80-100 kroner på.
  • Ikkje gløym å besøke toalettet i Galtvang. Denne høyres kanskje litt merkelig ut, men stol på meg. Her høyrer du nemlig Stønne-Stina (Moaning Myrtle) gjennom rørene!
a fake dragon on the top of a white building
Dragen over Flirgott spruter ild kvart 10. minutt.

Wizarding World og Universal Orlando FAQ

Hvor lang tid tar det å reise med Galtvortekspressen (the Hogwarts Express)?

Togturen med Galtvortekspressen mellom Galtvang/Hogsmeade og Diagonallmenningen/Diagon Alley tar omtrent 5 minutter. I løpet av turen vil du sjå landskapet forandre seg utafor vinduet, og det er anbefalt å ta turen begge veger for å oppleve alt.

Hvor ofte spruter dragen over Flirgott ild?

Dragen over Flirgott/Gringotts i Wizarding World spruter ild ca. hvert 10. minutt.

Kva MÅ eg gjere i Universal og Wizarding World?

Du MÅ besøke Wizarding World, og ta både Harry Potter and the Escape from Gringotts og Harry Potter and the Forbidden Journey. Begge to er store attraksjoner som er verdt å få med seg.

I Universal ellers bør du ikkje gå glipp av dei store berg- og dalbanene (om du liker slikt), Jurassic World, og Minion Mayhem.

Kva MÅ eg spise når eg er i Wizarding World?

Butterbeer er eit must!

Bør eg kjøpe billetter til Universal på forhånd?

Ja! Kjøp billetter på forhånd her for å spare både tid og penger.

Kva er verdt å stå i lang kø?

Det er verdt å stå i kø for Harry Potter and the Escape from Gringotts, og Harry Potter and the Forbidden Journey. Begge er fantastiske “rides” som er vanskelige å forklare, der det brukes ein blanding av bevegelse, kulisser, skinner og skjermer for å skape opplevelsen.

Hvor lang tid trenger man i Universal?

Helst to dager: ein dag i Universal Studios og ein dag i Islands of Adventure. Men, om man kun har ein dag er det fullt mulig å besøke begge parker på ein dag (uten å rekke over alt, selvfølgelig).

You may also like

Leave a Comment