Home Europa Nordmenn elsker tyske juletradisjoner (6 kjente tradisjoner som stammer fra Tyskland)

Nordmenn elsker tyske juletradisjoner (6 kjente tradisjoner som stammer fra Tyskland)

by Lisa Stentvedt
0 comment

Psst! Some links in my posts may be affiliate links, which means that I get paid a fee if you chose to purchase something through it. This doesn't cost you anything, but makes a huge difference for me! Thanks for your support!

Sharing is caring!

// Sponset

Eg har skrevet mykje om Norge opp gjennom åra, og fleire av mine engelske innlegg om heimlandet er populære blant reisende. Blant anna har eg skrevet dette innlegget (på engelsk) om morsomme norske juletradisjonar. Innlegget er 3 år gammalt no, men kvart år vert det oppdaga av nye lesarar rundt juletider, som ler og humrer over tanken på marsipangriser og at me er so glad i julekalenderer her.

Difor tenkte eg det var passende å dykke litt djupere ned i desse tradisjonene, og eg har oppdaga at dei aller fleste av dei stammer frå andre land enn Norge (sjølv om me naturligvis har gitt dei vår eigen vri gjennom åra). Faktisk stammer overraskende mange av våre juletradisjonar frå eit spesielt land; nemleg Tyskland.

Difor kjem denne artikkelen, der de kan få oppdage kva (norske) juletradisjonar som kjem frå dette populære ferielandet sør for oss. Siden me ikkje kan reise på julemarked i Tyskland i år, kan me heller glede oss over at mange av våre eigne tradisjonar har røtter derfra. Me kan med andre ord fortsatt hente mykje inspirasjon frå Tyskland og deira tradisjoner for å skape ein ekstra fin førjulstid (og juletid).

jente smiler med godteri
Eg var heldig som fekk smake på masse tysk julegodteri i forbindelse med denne artikkelen – visste du at julekalenderen er tysk?

6 Norske Juletradisjoner som Stammer fra Tyskland

Naturligvis har alle tradisjonene eg nevner under fått sitt eige særpreg i Norge, og man kan difor selvfølgelig fortsatt kalle dei norske tradisjoner. Eg er ikkje her for å insistere på å kalle julestjerna di tysk! Men, dei 6 juletradisjonane under hadde sitt utsprang i Tyskland, og det er alltid kjekt å få litt bakgrunnsinformasjon rundt ting me er blitt so glad i.

Tyskland er eit land der jul og høgtider står sterkt, og kan i den forbindelse samanlignast med Norge. Me er jo og veldig glad i våre tradisjonar, og nordmenn kaster seg ivrig inn i debatten om ribbe vs pinnekjøtt (svaret er pinnekjøtt), og alle insisterer på at deira heim gjennomfører tradisjonane på beste måte. Me er heller ikkje fremmed for å ta inn tradisjonar frå andre land og gjere dei til våre eigne, med filmen Tre Nøtter til Askepott som det beste eksempelet på dette. Kven hadde trudd at ein film frå Tsjekkia skulle bli so populær her?

Difor håper eg de vil sette pris på å lære lett meir om bakgrunnen for fleire av våre kjære tradisjonar, og me starter med ein av dei mest populære!

#1 Julekalender / Adventskalender

I Norge har julekalenderen tatt av, og finnes i mange fleire varianter enn den kjente og kjære sjokoladekalenderen. Mange barn er so heldige at dei har pakkekalender, med ein liten gave kvar dag fram til jul, og alle dei største TV-kanalane våre har eigne julekalender-serier. Personlig har eg i år ein julekalender der eg får ein ny neglelakk kvar dag, og det finnes «voksenkalendarar» som gir deg daglige overraskelser i form av alt frå syltetøy til toalettsaker.

Du veit jo no kva denne artikkelen handler om, og blir difor kanskje ikkje overraska når eg seier at adventskalenderen stammer frå Tyskland! Den første julekalenderen me veit om vart trykka i 1902 i Hamburg, og inkluderte ei slags klokke som kunne stilles fram 24 gonger (med visere). Året etter vart den første kalenderen med luker laga, også i Tyskland.

#2 Julestjerne / Adventsstjerne

Eg bruker skråstrek og begge uttrykka i overskriftene her, fordi eg veit at dei fleste bruker orda julestjerne og adventsstjerne om kvarandre (eg gjer det i alle fall sjølv). Var du klar over at julestjerna me henger i vinduene våre kvar desember også kjem frå Tyskland? Der har dei nemleg noko som heiter Hernhutstjerne (på tysk: «Herrnhuter Stern«), som har blitt hengt opp i Tyskland siden 1800-tallet og er ein tradisjon som har spredd seg til Skandinavia (også i Sverige henger dei opp stjerner i vinduet til jul).

#3 Adventskrans

Adventstida i Norge er ei mørk tid, og me nærmer oss den mørkeste dagen i året. Difor er det kanskje naturlig at tradisjonar som bidreg til meir lys i heimen har blitt sterke her. Som tradisjonen med adventskrans og å tenne lys for å telle ned til jul. Også dette er inspirert av tyske juletradisjonar, og også denne tradisjonen kan spores tilbake til Hamburg.

På ein barneheim i Hamburg vart det på midten av 1800-talet laga ein krans med 28 lys; 4 store for dei 4 søndagane i advent, og 24 mindre for kvar dag fram til jul. Barna fekk tenne lysa kvar dag, og etter kvart spredde denne fine tradisjonen seg til resten av Europa.

#4 Pepperkakehus

Å bake pepperkakehus har blitt ein kjekk tradisjon i heile Norge. Å knuse dei i romjula slik at man kan ete bitane er kanskje enno kjekkare. Ikkje berre er dette noko dei fleste gjer i private heimar i adventstida, men i Norge kan me også skryte på oss verdas største pepperkakeby, som opnar i Bergen kvart år. Men også dette er ein tradisjon som kjem frå Tyskland, sjølv om det ikkje nødvendigvis starta som ein juletradisjon.

Her skal me nemleg til eventyrverdenen, og Brødrene Grimm sin kjente historie om Hans og Grete (Hansel und Gretel, på tysk). De hugser kanskje at den onde heksa fanga dei i eit hus laga av pepperkaker og melis, som var pynta med godteri? Det var ikkje før etter at dette eventyret kom fram i lyset at dei begynte å lage pepperkakehus i Tyskland, og etter kvart spredde også denne gode tradisjonen seg til oss i nord.

pepperkakebyen i bergen 2020

#5 Gløgg

Gløgg er vår eigen variant av den (kanskje meir verdenskjente) tyske Glühwein. Sistnevnte er krydra og oppvarma rødvin, tilsatt mange kjente julekrydder og smaker som me også bruker i gløgg (som nellik, appelsin og kanel). Den eldste oppskriften på Glühwein som me veit om stammer heilt tilbake til det tidlige 1400-tallet, og ein tysk greve. Dette er med andre ord ein drikk for adelen, som har blitt nytt i tyske slott i fleire århundre. Her i Norge har me naturligvis gjort den til vår eigen, og ingen julefeiring er komplett uten.

Om du ønsker å gjeninnføre litt tysk i denne tradisjonen, finner du her ein enkel oppskrift på Glühwein (henta frå aperitif.no):

  • 1 liter rødvin
  • 2 desiliter sukker
  • 1 stk kanelstang
  • 3 stk nellikspiker
  • skall av 1/2 sitron (til pynt)

#6 Juletre

Sist, men ikkje minst; juletreet stammer faktisk også frå Tyskland! Å sette opp eit tre i stova som man pynta til jul er nevnt so tidlig som 1605 i Tyskland (eller, nærare bestemt Strasbourg; som var tysk fram til 1681, og igjen frå 1870 til 1919 – sånn omtrent). I århundret etter vart dette ein viktig tradisjon i heile landet, og etter kvart kom og tradisjonen med å sette ei stjerne i toppen av treet fram.

Juletreet spredde seg etter kvart til Norge via Danmark, og ein anslår at juletreet vart «vanlig» i alle norske heimar på slutten av 1800-tallet. Også det å danse rundt treet stammer frå Tyskland, so her har me mykje å takke dei for.

juletre, tysk juletradisjon

Som du ser har me mange flotte juletradisjonar i Norge som har røtter frå Tyskland. Dette er eit land mange forbinder med jula, og det er altso med god grunn! Eg gleder meg til å kunne dra på julemarked i Tyskland igjen når pandemien er over (julemarked er faktisk ein tradisjon som ikkje nødvendigvis er tysk, men som definitivt er noko me forbinder med Tyskland!).

Eg håper du likte å lese om røttene til desse tradisjonane, og at du kanskje lærte noko nytt! Legg gjerne att ein kommentar under, eg vil høyre om det var noko som overraska deg!

Sharing is caring!

You may also like