Home Norge Spennende opplevelser i Norge

Spennende opplevelser i Norge

by Lisa Stentvedt
0 comment

Psst! Some links in my posts may be affiliate links, which means that I get paid a fee if you chose to purchase something through it. This doesn't cost you anything, but makes a huge difference for me! Thanks for your support!

Sharing is caring!

Har du vore på reise i Noreg i det siste (sett vekk i frå reiserestriksjonar innlands, selvfølgelig)? Sjølv om me bur i eit av verdas vakraste land er det faktisk dei færraste av oss som har oppdaga alle dei magiske reisemoglegheitene som finnes, rett utanfor eiga dør. Noreg har mykje å by på, inkludert opplevingar som du kanskje ikkje var klar over. Dette kan du lesa meir om i denne artikkelen og kanskje du vert inspirert til å planleggja ei reise litt utan om det vanlege når me kan reise innlands igjen!

Sjufjellsturen i Bergen

Sjufjellsturen i Bergen er eit ynda reisemål for mange nordmenn som ynskjer å oppleve litt av Noregs ville og vakre natur. Turen går over dei sju fjella som ligg rundt Bergen, som er Noregs nest største by.

Les meir: Guide til Ulriken (med kart og video)

Om du skal oppleva Sjufjellsturen er det ein fordel at du er i forhaldsvis god form. Når det er sagt, så kan du velgje å planleggja turen litt annleis. Du kan nemleg velgje å nøyast med tre eller fem av fjella, viss du kjenner at sju fjell er litt ambisiøst. Eller eit, for den saks skuld.

Når du skal leggje ut på ein fjelltur som går over sju fjell, så er det sjølvsagt ein fordel at du har eit høgt kondisjonsnivå og sterke lårmusklar.  Det er derfor godt å vite at du kan planleggje turen akkurat som du vil, og dermed få ein smak av dei nydelege naturomgjevnadar som omringar Bergen.

Det beste med sjufjellsturen er at du kan kombinere fjelltur med ei oppleving av bylivet i Bergen. Bergen har nemleg mykje godt å by på, mellom anna eit rikt uteliv, flotte restaurantar og eit levande kulturliv.

Finn ting å gjere i Bergen her:

Autentisk rorbu-oppleving

Drøymer du om å oppleve polarnatta eller midnattssola må du naturlegvis reise lenger nord enn Bergen, og då anbefalar eg ei ekte og autentisk rorbu-oppleving i nydelege Lofoten.

I Lofoten finn du også mange flotte fjellturar, samt fleire merkte naturstiar. Du kan dermed kombinere fleire fantastiske opplevingar i ein og same tur. Med andre ord, det er berre fantasien som set grenser for kva du kan oppleve i Lofoten. Eit besøk i Lofoten er ikkje noko du gløymer med det fyrste, og Lofoten er kjent for å ha Noregs vakraste natur. Og berre det seier sitt.

Her kan du sjå nokre av mine favorittplassar i Lofoten (på engelsk).

Alt dette kan du oppleva heilt sjølv, og i staden for å bu på hotell kan du velje å bu på ei romanistisk rorbu langs vatnet. Dette er dei same rorbuene som fiskarane budde i i gamle dagar. Desse vert leigd ut i autentisk stand, så du er garantert ei ekte rorbu-oppleving.

Her finn du nokre av dei unike rorbuene rundt Reine i Lofoten (bildet over er frå Hamnøy, ein kort tur frå Reine):

Booking.com

Hadeland Glassverk, Jevnaker

Kun ein time utafor Oslo finn du spennende Hadeland Glassverk, og Kistefos-museet like ved. Begge er verdt eit besøk, og du kan lese min reiseguide til området her!

Spar pengar til nye reiseopplevingar

For å få moglegheit til å oppdaga nye stader i Noregs langstrakte land, så kan det vere ein god ide å ha ein reisekonto/sparekonto til reise. Viss du prioriterer litt annleis i kvardagen, og sparer der som det er mogleg, så kan du fort få ein ganske full reisekonto, og denne pandemi-tida er den perfekte tida å sette av penger til reising.

Når du har spart opp litt, er det lurt å finne ein god måte å forvalta sparepengane dine. Om du er litt smart kan du få pengane dine til å vekse. Det kan du gjennom å kombinere sparepengar og investering. Om du kjøper aksjer no, for eksempel, kan du nemleg sørgje for at sparepengane dine veks over tid, slik at reiseopplevingane kjem hyppigare i framtida.

Sharing is caring!

You may also like

Leave a Comment