Home Europa Fantastiske naturopplevelser i Sveits

Fantastiske naturopplevelser i Sveits

by Lisa Stentvedt
0 comment

Psst! Some links in my posts may be affiliate links, which means that I get paid a fee if you chose to purchase something through it. This doesn't cost you anything, but makes a huge difference for me! Thanks for your support!

Sharing is caring!

Sveits er perfekt symbiose av natur og kultur. Noko som gjer Sveits til eit særs ettertrakta reisemål, både for dei som elskar kultur, og dei som elskar naturen. Sveits ligg mellom Tyskland, Frankrike, Austerrike og Italia, altså midt i Europa sitt smørauga. Viss du drøymer om ein ferie full av opplevingar, så er Sveits noko for deg.

I dette innlegget deler eg nokre fantastiske destinasjonar i Sveits, perfekt for deg som vil på skiferie, og deg som er ute etter å oppleve lokal kultur og byliv. Les videre for å finne draumedestinasjonen i Sveits.

naturopplevelser i sveits

Ein perfekt skiferie i Sveits

I Sveits finn du det vidgjetne skiparadiset St. Moritz, som mange hugsar frå James Bond filmane. St. Moritz er sjølvsagt eit spanande reisemål, og ein plass som mange globetrotterar har lyst til å krysse av på reise lista si. I St. Moritz møter du vanlegvis kjendisar og rikfolk, då det er eit ynda reisemål for dei som har lomma full av pengar. Du skal derfor ikkje verta overraska viss Nikolaj Nikolajsen plutseleg dukkar i skibakken. Den danske Bitcoin-investoren med millionar ståande på kontoen, bur nemleg i Sveits. Du kan lesa meir om kryptovaluta og investeringar på aksjebloggen.

Her finn du nokre flotte aktivitetar i St. Moritz:

Viss du ikkje er typen som har lyst til å mingla deg med dei berømte rikfolka i St. Mauritz, så kan du besøkje ei meir skjult skiperle, nemleg Lenzerheide. Lenzerheide byr på fantastiske skiløyper, både for deg som elskar slalåm, og for deg som føretrekk langrenn. I Lenzerheide finn du og mange gode off -pist løyper, kor du kan setje flotte avtrykk i urørt pudder snø. Det er ikkje utan grunn at Lenzerheider er eit av dei føretrekte feriedestinasjonane hos sveitsarane, då det finnes aktivitetar for heile familien.

Når skibakken sluttar, så finn du sjarmerande landsbyar, kor du kan stå på skøyter, eller ete eit vellaga måltid, på ein av byen sine mange kafear og restaurantar. Som skiparadis, er Lenzerheide eit barnevennleg alternativ, då det er slalåmbakkar som passar til heile familien.

Sveits – eit kulturelt mekka

Viss du ynskjer å forære både kropp og sjel med kulturelle opplevingar, så bør du besøkje kulturbyen Zurich. Her kan du sjå arkitektoniske meisterverk, som Domkyrkja Fraumunster. Zurich er og kjent for dei eineståande ballett og opera førestillingane, som ei oppleving du bør unne deg sjølv.

Tips! Med Zurich-kortet får du gratis transport i heile byen under opphaldet ditt, i tillegg til rabattar og gratis inngang på ein rekke kjende attraksjonar. Bestill kortet før du reiser her!

Som i andre kulturelle byer, så er det eit rikt kafé og restaurant liv, kor du kan finne kulinariske kunstopplevingar, som du kan leva lenge på. Viss du er kome til byen med tom koffert, så har du rik moglegheit til å fylla kofferten opp, med nye kjøp, i shoppingbyen Zurich.

Trenger du forslag til aktivitetar i Zurich? Her er ein oversikt over populære ting å gjere i byen:

Hovudstaden i Sveits er byen Bern, som er vel verd eit besøk. I Bern finn du makelaus arkitektur, inspirerande museum, kulturelle opplevingar, og sjølvsagt, fleire gastronomiske opplevingar. Det kan vere ein god ide at du kombinerer ein by ferie, med ein rundtur i Sveits sitt imponerande naturlandskap.

Det er alltid ein mogelegheit å leiga ein bil, og køyra rundt i fjella, på eigenhand. Viss du har gleda av din eigen bil, så kan du stoppe når som helst, i ein av dei mange små landsbyane, og koma heilt tett på den sveitsiske kulturen.

Finn aktivitetar i Bern her:

Vandretur i eit eineståande naturlandskap

Sveits er rikt på fjell, og magiske naturopplevingar. Viss du skal reise til Sveits, er det derfor naturleg å pakke med vandrestøvlar og tursekk. Matterhorn, er eit godt alternativ for vandreturar. Viss du er i god form, og ikkje seie nei til ei utfordring, så kan du besøkje det høgaste fjellet i Sveits, kalla for Monte Rosa. Viss du klarar å klatre heilt opp på toppen, så kan du nyta ei utsikt du aldri vil gløyme.

snø på fjell i sveits
Photo from Pexels.

Naturopplevingar i Sveits

Der har du fleire forslag til destinasjonar og opplevingar som er verdt å få med seg i Sveits. Anten du skal stå på ski, gå fjelltur eller kjenne på bylivet, lover eg at du vil få ein fantastisk tur!

Sharing is caring!

You may also like

Leave a Comment