Home Hotell-favoritter Juv, Nordfjord: Overnatting og balsam for sjelen

Juv, Nordfjord: Overnatting og balsam for sjelen

by Lisa Stentvedt
0 comment

Psst! Some links in my posts may be affiliate links, which means that I get paid a fee if you chose to purchase something through it. This doesn't cost you anything, but makes a huge difference for me! Thanks for your support!

Sharing is caring!

Eg var nylig so heldig å få reise på eit lite eventyr til Nordfjord. Nærare bestemt eit gamalt gardstun kalla Juv. Langs Innvikfjorden (ein arm av Nordfjord), ein kort køyretur frå Loen og Stryn, finn du eit nydelig gardstun med slåande utsikt over fjorden. Her kan du leige deg eit gamalt skulehus (nyoppussa), og oppleve stillheiten og roen langs fjorden. Opphaldet på Juv var virkelig balsam for sjela, og eg gleder meg difor til å fortelle om opplevelsen.

// Sponset opphold

Litt fakta først. Juv ligg nede ved fjorden, nokre minutts køyring frå Utvik. Her har du som nemnt nydeleg utsikt over det stille vatnet, og føler at du bur langt vekke «frå alt og alle». Ein ekstremt deilig følelse, spesielt om du treng å koble av litt. Det finnes historie på tunet som daterar tilbake til 1200-tallet, som er ganske so interessant! Det finnes eit dokument som nemner garden frå 1331, som no er oppbevart ved Universitetsbiblioteket i Bergen.

På Juv finn du fleire hus til leige, inkludert 2 nyoppussa hus som tidligare var skulehus. Me budde i det øvste av desse, og det var ein flott opplevelse! Innreiinga minna om ei svunnen tid, og eg fekk ein merkeleg trang til å skru av Wifi-en (som fungerte heilt optimalt!) og legge vekk mobilen. Tida på Juv skal nytast, og det er nok av sitteplassar rundt på tunet å gjere det på!

gårdstunet på juv, nordfjord

Fleire hus til utleige hjå Juv, Nordfjord

Som nemnt er det to nyoppussa skulehus på garden. I tillegg til dette har nokre av dei originale bygningane også vore til utleige. Desse to raude husa har ein anna stil frå dei oppussa skulehusa, men tilbyr den same roen (og tilgang til badestampen) som der eg budde.

Sjå informasjon om det eine huset her, og det andre her.


Huset eg budde i ligg idyllisk til for seg sjølv, og er bygd på pillarar slik at du nesten får følelsen av at huset flyt for seg sjølv. På grunn av dette har du nydeleg utsikt til fjorden frå alle kantar, uansett kva vindauge du ser ut.

Bestill huset eg budde i her.

Bestill det andre skulehuset (same layout/størrelse) her.

Hus på stylter på Juv, Nordfjord

Me vart møtt på Juv av verten vår, som gav oss ein ordentlig omvisning på tunet. Me fekk eit innblikk i historia til plassen, garden og familien, og det gjorde opphaldet ekstra spesielt. Historia til plassen er svært interessant, so eg anbefaler sterkt ei slik «tunvandring» dersom du skal overnatte på Juv. Me fekk sjå inn i dei eldste husa på garden, inkludert den gamle mølla, og fekk høyre kjekke historiar frå ei gløymt tid.

Eigendomen er på 2000 mål, og går frå fjorden til høgfjellet – so her er det nok av plass å boltre seg på!

Ein kjekk ting å bite seg merke i er at dei dyrkar bringebær på Juv, og at du kan få med deg både saft og syltetøy heim. Me sørga selvfølgelig for at syltetøyet var med på kvar frukost, og det gjorde verkeleg opplevinga total. Både utsikten og maten bidrog (det er verdt å merke at huset har eit lite kjøkken, med kaffitraktar, slik at gjester har moglegheita til å lage mat).

bringebær fra juv, nordfjord
Har du sett ein meir idyllisk frukost?

Boblebad og andre fasilitetar

Som du ser på overskriften her, vart eg veldig glad for å oppdage at gjester kan benytte seg av boblebadet på tunet. Her kan du nyte nydelig utsikt (som overalt på plassen) med eit glas med vin i handa i timesvis. Det var nettopp det me gjorde, før me plutselig oppdaga at det «eine glaset» hadde blitt til ganske mange timar i boblebadet mens kveldssola varma. Ein heilt nydeleg avslutning på dagen!

Bonus: boblebadet er fyllt med vatn frå elva/fossen som renn gjennom tunet!

Som nevnt over har huset eit lite kjøkken, som kjem godt med om du vil lage mat, koke te eller smøre nistepakke for dagen (Loen Skylift og andre populære aktivitetar er berre ein kort køyretur unna).

Ellers har huset 2 soverom (det eine dekker andre etasjen, og er ein slags hems), kvart med to senger, og bad med dusj og vaskemaskin. Utsikten frå badet er naturligvis like flott som frå stova.

Uteplassen de ser på bildet over (frukostbildet) finn du rett utfor døra, men det er og ein platting under huset som kan brukast når sola ikkje skin. Denne vil gjere at du kan nyte den friske lufta (og utsikten, som eg har nevnt fleire gonger) sjølv om det regner.

Eg vil sei at Gamletunet på Juv passer perfekt for venner eller par som vil ha seg nokre dagar med avslapning, samtidig som dei er nær kjende attraksjonar som Lovatnet og Loen Skylift. Familiar vil og nyte godt av plassen og kjøkkenfasilitetane.

boblebad på juv

Dersom du (som mange andre) skal på ferie i Norge i sommar, og er usikker på kvar du skal reise, vil eg anbefale eit stopp på Juv. Dersom du ser etter ein plass å dra på weekend-tur, for å kome litt vekk frå jobb, planar og ansvar, vil eg i alle fall anbefale ein tur til Juv! Uansett kva du er ute etter, er eg sikker på at denne roen er det du treng.

Hugs å booke tidlig, då det kun er to hus på tunet a la det eg budde i.


Les meir om Norgesferie:

Sharing is caring!

You may also like

Leave a Comment