Home Norge Hadeland Glassverk: Reiseguide

Hadeland Glassverk: Reiseguide

by Lisa Stentvedt
0 comment

Psst! Some links in my posts may be affiliate links, which means that I get paid a fee if you chose to purchase something through it. This doesn't cost you anything, but makes a huge difference for me! Thanks for your support!

Sharing is caring!

Eg var so heldig å bli invitert til Hadeland Glassverk for ei helg for å oppleve deira nye utstilling Monet & Friends, samt for å få ein oversikt over alt det kjekke som kan gjerast der. Dette var jo svært kjekt, spesielt siden eg ikkje har vore på Hadeland siden eg var lita, og ikkje hugsa mykje av opplevinga (anna enn at eg mest sannsynlig ikkje fekk lov til å vera med inn i nokre av glassbutikkane, då eg var ei skikkelig kløne). I forkant fekk eg fleire meldingar frå familiemedlemmar og venner som hadde vore der før og fortalte meg kor flott det var, og forventningane var mildt sagt høge for eg dro.

// Sponsa besøk

Eg kan no sei at Hadeland Glassverk sto til forventningane, og litt til, og gleder meg difor over å få dele denne reiseguiden med dykk! Les videre for å finne ut kva de kan gjere på Hadeland, kor de kan ete, og selvfølgelig kor de bør overnatte.

Bonus: Hadeland er kun ein kort køyretur til Kistefos-museet, som er meir enn verdt eit besøk! Eg har selvfølgelig inkludert informasjon om dette og, då det er ein av fleire spennende opplevingar i Norge eg anbefaler.

Hadeland Glassverk, sol og blå himmel

Ting å gjøre i Hadeland Glassverk

Hadeland Glassverk har røtter som går heilt tilbake til 1700-tallet (glassverket vart grunnlagt i 1762, for å vera eksakt). Mange av bygga på glassverket daterer tilbake til desse tidene, og nokre er nyare. Eg kosa meg stort med å gå rundt for å sjå på dei blå plakettane på dei gamle husa (der finn du informasjon om kva år bygget er frå, og kva formål huset hadde – kjempeinteressant for dei som liker historie, som meg).

Utover å rusle rundt og sjå på dei fine bygningane (og å nyte sola, i vårt tilfelle), er det mykje kjekt å gjere når du besøker Hadeland Glassverk. Det er berre å lese videre for ein oversikt!

Her finn du oppdaterte opningstider for Hadeland!

Monet & Friends

La meg starte med det som enkelt kan kallast høgdepunktet av helga: Monet and Friends – Life, Light & Colour. Denne opplevinga bruker bilder, lyd, lys og fantastisk grafikk for å ta deg på ei reise gjennom 1900-talet og impresjonismen. Den raude tråden heile vegen er dei vakre maleria til Monet, men det kjem og innslag frå andre impresjonistiske målarar frå tida; som Renoir, Pissarro og Cézanne.

Det var skikkelig fascinerende å lære om tida og målarteknikkane, og eg kan love deg at du trenger ikkje vera spesielt kunstinteressert for å kose deg med utstillingen. Her dukka det opp flotte bilete og målerier, i samband med tekster og sitater frå dei som levde på 1900-talet. Musikken var og heilt fantastisk, og passa svært godt inn med bileta som vart vist.

Etter utstillingen (eller; opplevinga) kan ein gå inn i eit galleri og få enno meir informasjon og detaljar rundt det som vart vist, og der står det og i detalj kva musikk som vart brukt til kva del av showet!

Opplevinga varte rundt 45 minutt, og me brukte om lag ein time der inne. Dette såg me fleire som gjorde, og det kjem nok av at dei første minuttane vert du so satt ut av kor fantastisk det er (det var bilete projisert på golvet!) at du ikkje heilt fekk med deg informasjonen som vart delt – då er det godt å vite at du berre kan bli sittande å nyte showet so lenge du ønsker.

Skal du på Norgesferie i år? Her er 14 plasser å vurdere når du skal på ferie i Norge!

Monet and friends utstilling

Utstilling: Vinglass

I tillegg til den flotte Monet-opplevinga finn du ein utstilling til på Hadeland, ved navnet Vinglass. Her blir du teken på ei reise gjennom 300 år med vinglass som har blitt designa og skapt ved glassverket. For ein vin-elskar som meg var dette midt i blinken, og i tillegg til å få sjå kor mange unike vinglass som har blitt laga opp gjennom århundrene lærte eg mykje nytt. Visste du for eksempel at Hadeland er offisiell leverandør av glass til Norges ambassader verda over? Og at Hadeland har skapt ein heilt eigen (unik) kolleksjon for desse? Kolleksjonen kan du sjå som ein del av Vinglass-utstillinga.

Mat på Hadeland Glassverk

Hadeland Glassverk byr på 5 spisesteder i sesongen, og eg var heldig nok til å få teste fleire av dei. Frå Vaffelhuset (som serverer Fristelsar med stor F, sjå bilde under for bevis) til Mester Pizzeria, du finn det du treng her. Pizzeriaen er ope etter at butikkane og opplevingane stenger, so her passer det perfekt å ta ein italiensk pizza (og eit glas vin) etter du er ferdig med shopping og inntrykk for dagen.

I Kokkestua får dei inn ferske råvarer daglig, og lager alt frå gode smørbrød (med ferskt brød frå bakeriet på Hadeland, selvfølgelig) til middagsretter. Dagens spesial under vårt besøk var cannelloni, og det er ein italiensk spesialitet eg ikkje kan sei nei til! Reisefølget mitt gjekk for tradisjonelle kjøttkaker, og eg kan med handa på hjertet sei at ingen av oss var skuffa.

Glasshytta

Glasshytta er verdt eit besøk når du er på Hadeland, då det er her magien skjer! På Glasshytta kan du få blåse ditt eige glas (eller honningkrukke), og sjå glassblåsarane «in action». Dette er imponerande arbeid, og eg må innrømme eg ikkje var klar over kor hardt dei må jobbe for å skape det eg har i kjøkkenskapet mitt. Ein av glassblåsarane fortalde meg at når glasset er varmt er det 4 gonger tyngre enn når det er kaldt! Det forklarer kvifor det såg so ekstremt tungt ut for dei å dreie på glassfatet i enden av blåsestaven.

I tillegg var det svært fascinerende å sjå kor tett glassblåsarane må samarbeide for å skape større verk (som eit stort glassfat i dette tilfellet). Dei må heile tiden vite kva den andre skal gjere, og vera på ballen når det trengs. Eg anbefaler sterkt ein tur innom Glasshytta for å sjå på arbeidet som ligg bak resultatene me har til pynt i heimen!

Glasshytta på Hadeland

Shopping på Hadeland Glassverk

I tillegg til utstillingar og god mat, finn du selvfølgelig fleire shopping-moglegheiter på Hadeland. Om eg hugser riktig har dei faktisk 10 butikkar på glassverket, alle med forskjellige temaer og tilbod. Selvfølgelig kan du kjøpe både glass og porselen, i butikkar og på outlet. I tillegg til dette finn du i Høvdinghallen øl frå over 50 håndverksbryggerier i Norge, og mat frå lokale gårdar og leverandørar. I Honninghuset kan du kjøpe bie- og honningrelaterte varer (eg kjøpte ein kjempegod honningskrubb, blant anna), og dersom du har med deg barn som har blåst sitt eige glass under oppholdet kan dei fylle dette med honning her.

I sesong har dei også bier på Honninghuset, som er verdt å sjå på!

Bonus: Kistefos-museet

Som nevnt tidligare finn du Kistefos-museet ein kort køyretur (eller ein lengre gåtur) frå Hadeland, og det er verdt eit besøk når du først er i området. Her finn du ein av nord-Europas største skulpturparkar for moderne kunst, og 2 kunstgalleri (inkludert den kjente «The Twist», som er både galleri, kunstskulptur og gangbro i eitt). Sørg for å ha nokre timar når du besøker Kistefos, då området er stort og det er mykje flott å sjå på.

Hadeland og Kistefos ligg kun ein time frå Oslo. her er 8 aktive opplevingar og aktivitetar i og rundt Oslo!

The Twist, Kistefos

Overnatting ved Hadeland Glassverk

Like ved Hadeland Glassverk finn du den tidligere direktørboligen for glassverket. Denne tilhøyrer no Thorbjørnrud Hotell, og det var der me budde under besøket. Her bur du ein kort rusletur frå Hadeland (5 minutt gange), og har ein stor hage å kose deg i (og direkte tilgang til innsjøen – det var mange som bada helga me budde på Thorbjørnrud).

Rommene på Thorbjørnrud er enkle, og har det du treng for oppholdet (kaffemaskin inkludert). Dei er ikkje i den fine direktørboligen, men om du skal spise på hotellet (maten var kjempegod!) kan du vera heldig å bli servert der. Til frukosten kosa me oss stort med ost frå Thorbjørnrud Ysteri (som ligg på eigedomen), og dei ansatte stod alltid klare til å møte oss med eit smil for å svare på det me hadde av spørsmål.

Book overnatting på Thorbjørnrud her!

Thorbjørnrud Hotell, Jevnaker

Sharing is caring!

You may also like

Leave a Comment